Arbeidet med nye bil- og gangvegar til nytt sjukehus på Hjelset har starta

Opdølvegen blir stengt

Opdølvegen leggast om og rustast opp, gang- og sykkelvegar skal på plass, det same skal vassforsyning, avløp og straumforsyning. Slik er planane:

FRAMDRIFT: Ulike tiltak vil virke inn på innbyggarane si muligheit til å bruke Opdølvegen. Sjå artikkelen for info knytt til tala frå 1 til 8.  Foto: Ill: HMR / Google Maps

OMKØYRING: Medan Opdølvegen er stengt, må ein køyre om Skjevikåsen. Raude kryss viser busstopp som blir stengt ein periode.   Foto: Ill: HMR

Nyheter

Før bygginga av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) tar til i november, må ulik infrastruktur på plass.

For innbyggarane på Hjelset betyr det at Opdølvegen – og nokre busstopp – blir stengt.

Helse Møre og Romsdal gjer greie for framdrifta slik: (tala 1–8 viser til tala i kartfotoet over området, til høgre):

1: 5. mars: For å sikre trygg ferdsel for mjuke trafikantar over Opdølbrua, vert det set opp gangtunnel for gåande og syklande. Nytt overgangsfelt og fartsreduserande tiltak.

2: Graving utan følger for Opdølvegen

4: 12. mars: Stenging av Opdølvegen, del 1 (oransje strek). Omkøyring via Skjevikåsen (sjå kartskisse over) Innkøyringa til sjukehuspsykiatrien blir ope, ferdsel vidare austover på Opdølvegen stengt til Langåsvg.

5: 2. april: Transport frå Langåsvegen ned på Opdølvegen er ope fram til 2. april, da blir det stengt. Kommunen opnar gjennomkøyringa frå Langåsvegen til Åsvegen medio mars.

6: 2. april: Stenging av Opdølvegen, del 2. Fram til 1. november 2018 blir Opdølvegen stengt for all trafikk frå etter innkøyringa til sjukehuspsykiatrien til krysset ved Skjevikvg.

7: Veke 15-19: Spunting: Det lagast ein spuntvegg langs Opdølvegen, som støttekonstruksjon for ny ambulansestasjon. Det støyar, men blir gjort i tida kl. 8.30-15.30 måndag-fredag.

8: April, mai: Arkeologiske utgravingar ved Institutt for arkeologi og kulturhistorie ved NTNU Vitenskapsmuseet arbeider med dette.