Fjerde tilbodsopning - åtte firma vil klargjere på Myklebust

Stor interesse for å gjøre Nordøyveg-arbeid

Torsdag 7. september kom den siste av fire tilbodsopningar på Nordøyvegen, som gjeld førebuande arbeid på Myklebust.

Tunnel Fotomontasjen syner tunnelen mellom Myklebust på Harøya (t.h.) og Fjørtofta. Illustrasjon: Statens vegvesen 

Nordøyvegen Prosjektleiar Marianne Nærø.  Foto: Agnar Gjendem

Nyheter

I løpet av dei tre siste vekene har Statens vegvesen opna tilboda på fire område, der det skal gjerast førebuande arbeid; Myklebust, Fjørtofta, Austnes/Longva og Skjeltene. Fleire entreprenørar har levert tilbod fleire stader.

– Vi er veldig godt nøgde med konkurransen på alle fire kontraktane, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen til Romsdals Budstikke.

Myklebust

Åtte entreprenørar har levert tilbod på førebuande arbeid på Myklebust. Kontrakten er på bygging av forskjering (startpunkt) for Fjørtofttunnelen.

Entreprenørane som har levert tilbod:

Busengdal transport AS 5.673.985 kr,

K. A. Aurstad AS 6.515.073 kr,

Lesja Bulldozerlag AS 5.523.300 kr,

Mesta AS 5.833.109,21 kr,

Odd Småge AS 5.173.900 kr,

Vatn Maskinstasjon AS 6.290.258 kr,

Veidekke Entreprenør AS 6.745.763 kr,

Volda Maskin AS 5.749.650 kr.

Fjørtofta

Seks entreprenørar har levert tilbod på førebuande arbeid på Fjørtofta. Kontrakten er på bygging av forskjeringar (startpunkt) for Nogvafjordtunnelen og Fjørtofttunnelen. Begge stader blir det sprenging, fjerning av massar og dreneringsarbeid. Tilbodsopninga var 4. september.

Entreprenørane som har levert tilbod er:

AF ABOL v/Busengdal Transport AS 11.305.680 kr,

K. A. Aurstad AS 12.523.705 kr,

Lesja Bulldozerlag AS 9.940.680 kr,

Mesta AS 14.100.710,41 kr,

Vatn Maskinstasjon AS 18.118.480 kr,

Volda Maskin 12.253.025 kr.

Alle prisar er utan meirverdiavgift.

Austnes og Longva

Seks entreprenørar har også levert tilbod på førebuande arbeid på Austnes og Longva. Kontrakten er på bygging av forskjeringar (startpunkt) for tunnelane. På begge stadar blir det sprenging, fjerning av massar og dreneringsarbeid. Tilbodsopninga var 31. august.

Dei seks er:

AF ABOL/Busengdal transport 21.699.014 kr,

Contexo AS 23.533.530 kr,

K.A. Aurstad AS 20.969.748 kr,

Lesja Bulldozerlag AS 24.846.784 kr,

Veidekke Entreprenør AS 26.361.027 kr,

Volda Maskin AS 26.591.410 kr.

Skjeltene

Også på Skjeltene leverte seks entreprenørar tilbod, her på bygging av veg og riggområde. Det blir kjøp og utlegging av 35.000 kubikkmeter sprengt stein, asfaltering og lukka rørgrøfter. Tilbodsopninga var 21. august:

Busengdal Transport 9.760.594 kr,

Contexo AS 23.049.035 kr,

K. A. Aurstad AS 9.804.335 kr,

Lesja Bulldozerlag AS 13.896.405 kr,

Veidekke Entreprenør AS 12.073.759 kr,

Volda Maskin AS 12.536.525 kr.

Statens vegvesen skal no gå igjennom all dokumentasjon og kontrollrekne tilboda. Planen er å skrive kontrakt i siste del av september.