Fylket må førebu seg på meir av dette

Ny klimaprofil: våtare, varmare, meir flaum og auka havnivå i Møre og Romsdal.

Bidet er tatt under en stormflo i 2008, på ferjekaia i Molde der fjorden kom inn over kaiområdet. Sekken-ferja i bakgrunnen.  

Nyheter

Kommunane i Møre og Romsdal vil i framtida få større utfordringar med flaum, skred, havnivåstiging og overvatn. Det syner den nye klimaprofilen for fylket som vert overlevert fylkesutvalet i dag, skriv Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding.

– I Møre og Romsdal vil klimaendringane særlig føre til behov for tilpassing knytt til større flaumar, fleire skred, havnivåstigning og stormflo, kraftig nedbør og auka problem med overvatn, seier Dagrun Vikhamar Schuler, klimaforskar i NVE/Norsk Klimaservicesenter.

Klimaprofilen syner at viss klimagassutsleppa held fram med å auke som no, vil vi ved slutten av hundreåret få:

  • meir kraftig nedbør: oftare og meir intenst. Dette vil gje større utfordringar med handtering av overvatn.
  • fleire og større regnflaumar. I alle vassdrag som reagerer raskt på nedbør, men òg i større vassdrag vert eit klimapåslag på minst 20 % på utrekna flaumvassføringar tilrådd.
  • auka fare for jord-, flaum- og sørpeskred som følgje av auka nedbørmengder. Auka aktsemd er viktig.
  • auka stormflonivå grunna havnivåstigning

Du kan lese heile klimaprofilen HER.

Kunnskap er nøkkelen

Klimaendringane kan bidra til større øydelegging på infrastruktur og eigedom. For å redusere framtidige skadar må kommunane gjennomføre klimatilpassingstiltak.

- Klimakunnskapen må inn i arealplanlegginga. Kommunane må styre arealbruken bort frå fareområde. Dette er det beste og mest effektive verkemiddelet for å førebyggje skadar frå flaum, stormflo og skred på ny busetnad, seier NVEs regionsjef Brigt Samdal.

Oftare kraftig nedbør

Hendingar med kraftig nedbør er venta å auke vesentleg både i intensitet og hyppigheit. Det tyder at utfordringane med overvatn vert større enn i dag.

- I Møre og Romsdal, der store delar av befolkninga er konsentrert langs små og store elvar og i skredutsette område, er det difor særleg viktig å planleggje godt. Bygningar og viktig infrastruktur må plasserast i tilstrekkeleg avstand til flaumfarlege bekkar og elvar. Bekkar og vassvegar bør haldast opne – og ikkje leggast i røyr – både med omsyn til flaumavleiing og vassdragsmiljø, seier Samdal.

Klimaprofil Møre og Romsdal

Klimaprofilen er meint å gjere kunnskap om klimaendringar lettare tilgjengeleg for planleggjarar på kommunalt og regionalt nivå.

Norsk Klimaservicesenter er eit samarbeid mellom Meteorologisk institutt, Norges vassdrags- og energidirektorat, UNI Research og Bjerknessenteret. Det er Klimaservicesenteret som har gjeve ut rapporten «Klima i Norge 2100». Basert på rapporten er det no lagd ein Klimaprofil for Møre og Romsdal.

Klimaprofilen for Møre og Romsdal gjev ei kortfatta samanfatting av klimaet og forventa klimaendringar.