Med kran og stropper vart togkapellet på Åndalsnes nyleg flytta over på nytt spor, melder diakon i Grytten kirke, Rune Singelstad.

- Årsaken til at Jernbaneverket flytter togkapellet, er at de trenger plassen der vogna har stått, til ny parkeringsplass, opplyser Singelstad.

- Det nesten 40 tonn tunge togkapellet vart løfta på plass av to kranar frå Kranpartner AS, som med stor presisjon lirka togkapellet mellom trea aust for Skysstasjonen, over på nye skinner som Jernbaneverket hadde lagt.  Alt gjekk etter planen. og etter om lag ein time var togkapellet på plass, fortel Singelstad.

- Elevane i 2. trinn ved Åndalsnes Barneskole vil pynte togkapellet til jul. Alle er velkomne til å besøke togkapellet, som er ope kvar dag, heile året, seier Singelstad.

Åndalsnes Togkapell vart 10. juni 2003 vigsla av biskop Odd Bondevik, i nærvær av Kong Harald og Dronning Sonja.