«Sandøy kommune bør sjå på fleire alternativ» er bodskapen på underskriftslister som velforeiningar står bak og som er lagt ut på butikkane. Dei som er einig i kravet vert oppfordra til å skrive under.

Det kom forslag om å greie ut eit alternativ mot Romsdal i kommunestyret, men det vart nedstemt. Eit slikt alternativ har vore etterlyst både i folkemøte og i tidlegare krav frå folket på Ona/Husøya, Sandøya og Orten.

Brukte makta

– Kravet om å greie ut fleire alternativ har no forplanta seg til Finnøya og Harøya. Det er nok mange som irriterer seg over at Arbeidarpartiet med reint fleirtal i kommunestyret brukte rå makt, trur Nils Magne Abelseth.

Han representerer Høgre og foreslo ei breiare utgreiing. Men dette vart nedstemt med 10–9. Arbeidarpartiet utgjorde fleirtalet.

Bør lytte

– Eg håper kommunestyret og ordføraren vil lytte til den delen av folket som føler seg som romsdalingar. Det gjeld ikkje berre Ona/Husøya, Sandøya og Orten. På Finnøya er det også dei fleste som ser i den retning, meiner Abelseth.

På underskriftslistene vert det vist til at Sandøy kommune har både politisk og administrativt lagt ned eit stort arbeid med kommunereforma. Men alternativa som er vurderte har alle vore retta sørover mot Sunnmøre, ingen austover mot Romsdal.

Supplering

«Vi er opptekne av at alternativa for ny kommunestruktur speglar løysingar innbyggarane i kommunen ser som aktuelle. Arbeidet bør difor supplerast med eitt eller fleire alternativ mot Romsdal. Men også at vi kan stå som eiga kommune».

Ikkje deling

– Fleire alternativ vil styrke det arbeidet som er gjort. Eg ønskjer for min del ingen deling av kommunen, der nokre av øyane går til Romsdal. Det kan nok verte eit krav frå Ona/Husøya, Orten og Sandøya, som føler at dei verken er høyrt eller respektert. Dei ser ikkje for seg å verte ein del av stor-Ålesund, trur Abelseth.

– Det er dårleg demokrati å kome med berre eit alternativ. Då har vi ikkje noko val. Det heile starta med at tidlegare ordførar og rådmannen neglisjerte innspel om å ha fleire alternativ, også eit mot Romsdal. Dei har orienterte seg mot Sunnmøre i alt dei har gjort. Og gløymt at ein stor del av dei som bur i Sandøy kommune har sterk tilknyting til Romsdal, meiner Abelseth.