SANDØY: Eit stort fleirtal av innbyggarane på Orten, Sandøya og Ona har gjeve tydeleg uttrykk for at dei i arbeidet med kommunereforma ønskjer ei utgreiing der Aukra og Romsdal er eit alternativ. Mellom anna gjennom brev med underskrifter til kommunen. Det har aldri vore forlagt kommunestyret til handsaming.

– Initiativet har vore tydeleg. I folkemøte om reforma på vårparten vart det lagt fram tre alternativ mot Sunnmøre. Der kunne folket skrive kva dei meinte. På alle ark var det krav om ei utgreiing mot Aukra og Romsdal. Til inga nytte, kommunen har neglisjert det, seier Orten.

På Sunnmøre

Eit tilsvarande initiativ skjer på Sunnmøre, der mange i bygdene Eidsdal og Norddal i Norddal kommune trur det kan vere ein fordel å vere ein del av turistmagneten Geiranger i Stranda kommune. Dei ønskjer eit felles møte med kommunane.

– I Sandøy burde vi sett på eit alternativ mot Aukra og Romsdal. Når folk i eit geografisk område i kommunen ønskjer ei slik utgreiing, burde kommuneleiinga teke det på alvor. I prosessen med reforma er dette eit naturleg alternativ, meiner Orten. Han viser også til alle rundskriv og saksdokument der det står tydeleg at innbyggarane skal medverke. Er det eit spel for galleriet?, undrast Orten.

Ikkje aktuelt

– No var eg ikkje med i det førre kommunestyret. Men eg kan ikkje sjå at det er fremma noko forslag om slik utgreiing eller at det har vore noko fleirtal med ønske om dette, seier ordførar Oddvar Myklebust (Ap).

– Vi får sjå om det kjem noko no, men det vil ikkje vere frå meg. Prosessen er så langt kome at det vil vere vanskeleg å ta inn nye alternativ, meiner ordføraren.

Lite aktuelt

– Eg trur heller ikkje det er aktuelt å dele Sandøy kommune, der nokre av øyane går nordover mot Romsdal. Det har aldri vore noko tema i Arbeiderpartiet, seier Myklebust, som representerer eit parti med reint fleirtal i kommunestyret.