Vard skal designe og bygge to hybride havvind servicefartøy, såkalla CSOV, for Windward Offshore/SeaReanargy Goup.

Windward Offshore er eit partnarskap under etablering i Tyskland, ifølgje ei pressemelding frå Vard tysdag.

Fartøya er designa av Vard Design i Ålesund.

Det første skroget vil bli bygd av eitt av Vard sine verft i Romania, men den endelege utrustinga, ferdigstillinga og leveransen skal utførast av eitt av Vard sine verft i Norge.

Det første skipet er planlagt levert i andre kvartal av 2025.

Partane har også gjort avtale om opsjon på levering av ytterlegare to fartøy.

Dei såkalla CSOV-ane skal hjelpe dei store energiselskapa med bygging og oppstart av havvindparkar over heile verda, i tillegg til vedlikehald av eksisterande vindparkar.