Løna i Coop – nokre innspel

Ole August Iversen  Foto: Privat

Leserinnlegg

Nyleg kom det fram på at nokre av styreleiarane i Coop har leiarløner på fem millionar kroner i tillegg til ganske feite pensjonar som arbeidsfolk flest berre kan drøyme om. Då eg fekk høyre om dette, skreiv eg til Coop med ein gong. Eg fekk standardsvaret i retur: «Coop må ha konkurransedyktige lønninger for å tiltrekke oss og holde på riktig kompetanse på de ulike nivåene, men vi skal ikke være lønnsledende verken generelt eller spesielt innen dagligvarebransjen.»

At nivået for «konkurransedyktige» løner er på fem millionar og oppover er svært urovekkjande. Det er omtrent tretten gonger det ein butikkarbeidar tener i året. Eg trur neppe direktørane jobbar like mykje som tretten folk, då må i så fall døgnet vere 97 timar langt.

Dei som krev så stor løn for å gjere eit arbeid tenkjer meir på eiga lommebok enn på forbrukarar og tilsette. Dei fleste arbeidar godt med langt mindre løn. Lovnad om bonus eller andre fordelar gjer kanskje at dei står på litt ekstra, men kvifor skal det vare annleis for leiarane?

Coop er ein spesiell organisasjon – eit av Norges største samvirke, eigd og styrt av medlemmane. Kva lønn øvste leiar får, tenkjer eg at medlemmane i organisasjonen bør få bestemme. Ikkje berre styra, slik som i dag. Det bør vere opp til medlemmane og dei tilsette å bestemme kven som skal vere direktør, til dømes slik ein vel ordførar og styre i ein kommune. I tillegg bør medlemmane ha moglegheit til å avsette medlem av styret og direktørar dei ikkje lengre har tillit til.

I Coop-organisasjonen bør det vere eit mål å få fleire til å delta på møter og generalforsamlingar, at fleire engasjerer seg i det som skjer. I tillegg bør det og vere eit mål å gjere folk som engasjerer seg skikka til å kunne leie organisasjonane og tileigne seg kompetansen ein treng for å styre. Kommunepolitikarar, oftast vanlege folk med arbeid på heiltid – dei kan bli ordførarar, og får det som oftast til ganske greitt. Kvifor skulle ikkje dette gå an i Coop?

Eg vil oppfordre alle som er opprørt av Coop-lønene til å undersøkje og engasjere seg i sitt lokale Coop samvirke og få retta opp i organisasjonen, og for all del ikkje melde seg ut! Coop er trass alt den mest folkelege butikkjeda me har. Når du handlar på Rema 1000 eller ei av kjedene til Norgesgruppen går pengane nesten rett i lomma på Odd Reitan og Johan Johansson. Og tru meg, dei tener ganske mykje meir enn Coop-direktørane!

Coop har organisatoriske vanskar, men i motsetnad til Reitan- og Norgesgruppen er dei i det minste eigd av medlemmane og kan endrast på. Det krev berre at medlemane engasjerer seg!

Ole August Iversen
Leiar
Aukra SV