LESERINNLEGG

Heimen vår – den skal ikkje leggast ned!

Anna Marie Løkhaug.  Foto: Privat

Leserinnlegg

Underteina bur på Farstad omsorgsenter. I følgje det som kjem fram no kallar dei meg og dei andre som bur her for beboer. Det er mange år sidan eg vart alvorlig sjuk, og fekk behov for helsetenester. Derfor er eg pr defininisjon ein pasient. Og ein pasient har rettar etter pasientrettighetslova. Alle dei andre som bur her også, vil eg tru er i same situasjon. Ingen får vedtak på langtidsplass i institusjon/omsorgsbustad med heildøgns tenestar utan at ein har store helseplager.



Eg har bodd i Fræna kommune det meste av livet, og har arbeidd mange år i kommunen. Dei første pensjoniståra var vi heldige og var friske, både mannen min og eg. Imidlertid, som 69 åring vart eg eit nummer i kreftstatistikken. Eg overlevde krefta, fekk den tilbake, og fekk store bivirkningane etter behandling. Sidan januar 2008 har eg derfor hatt store hjelpebehov. God sjukepleie og rehabilitering på Fræna sjukeheim og omsorgssenter, og ikkje minst omsorg frå min oppofrande mann, gjorde at eg kom meg heim får institusjon. I mange år var eg mest heime saman med mannen min som tok hovudasnvaret.

Dette kunne han greie ved at han fekk hjelp av heimesjukepleien og jamnleg avlastning ved at eg var inne på ein eller annan institusjon i Fræna. Imidlertid vart både eg og mannen min gamlare, og helsa svekkast som for dei fleste. Vil flytta derfor i omsorgbustad og greidde oss der eit par år. Då gjekk ikkje det lenger og eg fekk plass på Farstad omsorgssenter. Kort tid etter døydde mannen min, og eg hadde trudd at når eg var tildelt vedtak om langstidsplass, så skulle eg bu her på Farstad omsorgssenter resten av levetida mi.

Så mitt spørsmål er:

Korleis kan kommunedirektøren foreslå at heimen min, og dei andre 20 som bur her, skal avviklast utan at vi eller våre næraste har blitt spurd eller høyrd?

Her på Farstad omsorgssenter er vi 21 personar. Alle har vi behov for helsetenester. Vi er her ikkje pga av vi ikkje har andre plassar vi kan bu, men pga at vi treng den hjelpa som er her. Då det var søkt om tenester for kvar enkelt av oss, var tilbodet på Farstad det som var vurdert til å passe best for akkurat oss. Vi har betalt for denne tenesta heile tida. Og vi har sjølvsagt både no og tidlegare betalt vår skatt. Dersom vi skal få dette tilbodet ein annan plass, vil eg tru at det kostar om lag det same. Vi vert jo ikkje «ikkjeekstisterande» fordi om heimen vår blir lagt ned. Vi må ha ein ny heim, med dei same tenester som vi har her. Her kjenner vi kvar enkelt tilsett, og dei tilsette kjenner oss. Her er både unge og eldre i staben, noko som gjer at vi trivest ekstra godt saman med dei. Dei strekker seg heile tida for at vi skal ha ein så god kvardag som råd. Særleg har vi sett dette no i det siste halve året, då vår kontakt med våre pårørande har vore svært begrensa pga corona.

Eg vil oppfordre kommunedirektøren, og ikkje minst politikarane, til å bruke sine kanalar opp mot sentrale bevilgande myndigheiter til å bevilge dei midlar som trengst til kommunesektoren.

Det skal leggast til rette for at vi skal bo heime lengst mogleg. Ja, eg vil påstå at både eg, og mange andre, har bodd heime lengst mogleg. Faktisk kanskje litt for lenge.

For å oppnå det målet må dagsentra bestå. Og ein bør ikkje bruke mange timar på å kome seg til eit dagsenter. Blir det for lang reiseveg, er det nok mange som ikkje orkar å gjere seg nytte av tilbodet.

Eg vil oppfordre også andre som er berørt av dette til å ta opp kampen. Sjølvsagt har eg hatt hjelp til å føre dette i pennen, for med mine funksjonshemningar etter hjerneslaget i 2008 greier eg ikkje å skrive sjølv. Men heldigvis har eg framleis tankane med meg. Målet mitt med denne historia er å vise kommunedirektør og politikarar at vi er 21 enkeltskjebner som er bak tala på antal beboere. Det er 21 enkeltpersonar som ikkje berre har behov for ein plass å bo, men ein plass å bo med kompetente hoder og varme hjerter for at vi skal ha ein verdig og god alderdom i den tida vi har att her på jorda.

Farstad omsorgssenter den. 1. november 2020.

Anna Marie Løkhaug, 86 år.

--------------------------------------------------------------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts nye meningsportal