LESERINNLEGG

Eldreomsorg og sjøfront i Molde kommune

Leserinnlegg

I forkant av, og særleg i etterkant av budsjettbehandlinga i kommunestyremøtet 19. desember i fjor har det vore ein del skriving og meiningsytring omkring kommunestyret si prioritering når det kjem til eldreomsorga i kommunen vår. Fleirtalet stemte mellom anna ned FrP sine forslag til omprioritering, og var tydelege på at vi ville ferdigstille sjøfronten. Særleg det siste, prioritering av sjøfronten, har fått reaksjonar. Eg var sjølv på talarstolen i kommunestyret og sa at eg med rak rygg kunne stå inne for ei slik prioritering, noko eg fortsatt står inne for. Du kan like sjøfronten eller ikkje, men det er utan tvil eit ledd i arbeidet med å gjere Molde til ein attraktiv by å busette seg i. Rekruttering av fagfolk vil vere den største utfordringa kommunen står overfor i åra framover. Det hjelp ikkje å ha nok sjukeheimsplassar om vi ikkje har nokon til å ta vare på dei som skal bu der! I Sjøfronten 2 er blant anna eit sentrumsnært leikeområde ein sentral del av plana, noko som i fleire rundar har vore etterlyst av småbarnsforeldre. Det gjer at det blir ekstra underleg for meg at ei utsetjing blir sett på som gunstig.

Håvard Heggdal hevda i eit innlegg i RB 3. januar at fagfolk ser etter andre ting enn sjøfronten, «slik som at samfunnet fungerer tilfredsstillende for alle generasjoner, og at det er arbeidsplasser, til eksempel i helse og omsorg». At dei ser etter arbeidsplassar i etableringsfasen er naturleg, og Molde kommune har mange arbeidsplassar, ikkje minst innan helse og omsorg. Det er alt no fleire ledige stillingar, og fleire vil det bli med den satsinga som kjem med etablering av blant anna fleire sjukeheimsplassar. At dei derimot er opptekne av at samfunnet skal fungere tilfredsstillande for alle generasjonane, er ein meir usikker påstand. Det hadde vore interessant å finne tal på i kor stor grad det er med på å avgjere kvar ein lege, sjukepleiar, ingeniør eller spesialpedagog vel å busette seg. I etablerings- og småbarnsfasen er det meir sannsynleg at det er skule, barnehage, nærmiljø og fritidstilbod som er viktigast.

Trygve Grydeland vart konfrontert med at han brukte omgrepet «geriatrisk avdeling», og sjølv om eg er einig i at Grydeland hadde eit uheldig ordval, er det han sa viktig å få fram: Det er vanskeleg å få folk i etableringsfasen til å busette seg i kommunen dersom det ikkje er tilrettelagt for andre enn dei som treng omsorgstenester og sjukeheimsplassar. At det er forventa at ein forlèt Molde «etter oppnådd aldersgrense» som Bitten Linge skriv i innlegget sitt i RB 27. desember, kan ikkje eg høyre ut frå det Grydeland sa.

Sjølv om det ser ut til at verken media eller folk flest trur det, har vi politikarar lenge vore klar over at vi har ei utfordring på grunn av ein aukande andel eldre. Det er òg grunnen til at fleirtalskonstellasjonen framskunda blant anna utbygginga av omsorgssenteret på Skåla. Dette var ikkje noko vi kom på rett før budsjettmøtet. Det var òg politikarane som framskunda planlegging og utbygging ved Råkhaugen omsorgssenter. At løysinga på kort sikt er å starte opp att drifta av Røbekk omsorgssenter, slik Håvard Heggdal gjentekne gonger har hevda, er ein uriktig påstand. Den nyaste delen av bygget er alt i bruk, og den gamle delen kan fortsatt ikkje brukast. Avviklinga av Røbekk vart vedteke og gjennomført før eg kom inn i kommunestyret, så eg har ikkje innsikt i alt som låg til grunn for vedtaket, men at det berre er «å knipse med fingrane» og opne for drift stemmer ikkje.

Måndag 13. januar har det nye hovudutvalet for helse og omsorg det første møtet sitt. I Romsdals Budstikke vart møtet annonsert med at vi «får eldrebølgen rett i fanget». Mellvin Steinsvoll skreiv om bruken av dette omgrepet i sitt innlegg i RB 9. januar, og eg seier meg einig i kommentarane han hadde rundt det. «Eldrebølge» er eit omgrep som i stor grad blir negativt oppfatta, og så langt det er råd unngår eg å bruke det. Det er ikkje gitt at dei eldre er ei belastning, fleirtalet av dei greier seg godt utan hjelp og er ein stor ressurs i samfunnet!

Inger Cecilie Frisvoll (Krf)

Leiar for Hovudutval for helse og omsorg i Molde kommune

-------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal