LESERINNLEGG

Er musikk viktig?

Kan du tenke deg ein dag utan musikk i radioen, ein 17.mai utan korps, ein festkveld utan gode musikkinnslag, ein film utan filmmusikk, spør Rolf Magnus Orø.  Foto: Rigmor Sjaastad Hagen

Leserinnlegg

Kan du tenke deg ein dag utan musikk i radioen, ein 17.mai utan korps, ein festkveld utan gode musikkinnslag, ein film utan filmmusikk. Er det konsekvensen om Møremusikarordninga blir lagt ned og musikklinene halvert? Sjølvsagt ikkje. Men føresetnaden for å sikre breidde og kvalitet for det samla musikklivet i Møre og Romsdal blir dramatisk endra.

Eg har vore så heldig å få jobbe tett på både Møremusikarane og musikklinene i ulike samanheng og ulike roller, og har opplevd for ein fantastisk ressurs desse er. Om eg til dømes blar gjennom det eg har lagt ut på Facebook dei siste åra, kan eg peika Møremusikarane og musikklinene i veldig mange samanheng. I snart 15 år har eg hatt den store gleda av å jobbe med Lærlingan, der mange av medlemmane har vore elevar ved musikklina i Molde og/eller har vore elevar ved kulturskulane (med lærarar som har kombinasjonsstillingar med kulturskulen, musikkline og enkelte også som Møremusikar). Fleire har spelt i korps, gjerne med dirigentar som er tilsett ved kulturskulen/musikklinene.

Eg har hatt regi på fleire musikalar med musikklina ved Molde videregående skole, og fått oppleve for ein fantastisk lærarstab kulturskulen/musikklina har og kva dei betyr for sine elevar. Og eg ser dagleg kva musikken betyr for desse elevane, ikkje berre i form av at dei er gode utøvarar, men og for trening i å være gode i samspel med andre utøvarar, støtte opp om kvarandre, stå framfor eit publikum, takle å spele feil, finne kreative løysingar, være i samspel med publikum. Alt dette er særs viktige eigenskapar som vil hjelpe unge, og vaksne, uansett kva jobb eller livssituasjon dei er i.

Eg jobba i fleire år som leiar av formidlingsseksjonen på fylkeskulturavdelinga, og hadde mellom anna ansvar for Møremusikarane. Eg opplevde kor viktig ordninga var, mellom anna for Kultursekken i Møre og Romsdal med ei lang lang rekke med turnear av musikarar frå eiga fylke. Eg opplevde også å få sterke positive tilbakemeldingar frå heile fylket om kor fantastiske viktige bidrag Møremusikarane har gitt til ulike lokalmiljø, både i form av eigne konsertar, som instruktørar og som medmusikantar i ulike samanheng. Det er særs viktig å ha tilsette musikarar på full tid som både kan være utøvande musikar, lærar ved kulturskuler/musikkliner og samstundes være ein uvurdeleg ressurs for heile kulturlivet. Møre og Romsdal burde ha fleire slike arbeidsplassar, ikkje færre som det no er foreslått.

Eg jobba i mange år ved Teatret Vårt og i Bjørnsonfestivalen. Begge kulturinstitusjonane hadde stor nytte av å ha tilgang på særs duktige og fleksible musikarar gjennom Møremusikarordninga. Operaen i Kristiansund, Lady Arbuthnott og andre profesjonelle aktørar, kan halde ein høg kunstnarisk kvalitet mellom anna gjennom tilgang til profesjonelle utøvarar både frå Møremusikarordninga og med musikklærarar ved musikklinene i fylket.

Om fylkestinget vel å gjennomføre framlegga om å legge ned Møremusikarane og halvere musikklinene, er det å ta vekk solide grunnpilarar i eit solid byggverk for heile kulturlivet i fylket. Det har tatt mange år å bygge opp, og kan rivast ned med eit enkelt vedtak. Eg reknar med at fylkestinget forstår dette, tar ansvar og finn andre løysingar.

Leserinnlegget ble først publisert på Facebook 10. nov. 2019.

Rolf Magnus Orø

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal