Leserinnlegg:

Stopp rasering av vidaregåande skular i vårt fylke!

Det foreslås kutt i de videregående skolene i fylket. Her er Fræna vgs.  Foto: Oddbjørn Harnes

Leserinnlegg

Som eit resultat av det økonomiske uføre som fylkespolitikarane har ført fylkeskommunen ut i, la fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik fram eit kuttforslag som Utdanningsforbundet Møre og Romsdal vil karakterisere som ei rasering av vidaregåande skular i vårt fylke.

Fylkesrådmannen åtvara politikarane i førre fylkestingsperiode mot å gå inn for dei store investeringane som dei planla, men han tala nok dessverre for døve øyre. Utdanningsforbundet kom med same åtvaring, men fleirtalet av politikarane kom med fagre løfte om at dette ikkje skulle gå utover dei vidaregåande skulane! Om lag eit halvår seinare ser vi dessverre resultatet.

Utdanningsforbundet sine medlemer og tillitsvalde har kome med eksempel på korleis dette vil slå ut både for elevar og lærarar rundt om i fylket. Desse kuttforslaga vil føre til at det likeverdige og desentraliserte skuletilbodet vi kjenner til og er stolte av i vårt fylke, no sakte men sikkert smuldrar bort. Som fylkesleiar i Utdanningsforbundet ser eg på dette som ei sakte kveling. Skulane fortset å eksistere, men kva vert att av innhald og tilbod, kva skjer med kvalitet og fagmiljø ?

Når utdanningstilbod vert halverte, flytta på eller fjerna vil det bli svært vanskeleg for elevane å få oppfylt førsteynskjet av utdanningsprogram. Fleire vil måtte flytte på hybel med den ulempa det medfører. Å få oppfylt førsteynskjet samt å kunne sleppe hybeltilværet er faktorar som avgjerande for gjennomføring og fullføring. Statsminister Erna Solberg sa i dag i talen til Utdanningsforbundet sitt Landsmøte på Lillestrøm at det er eit mål å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring opp mot 90% fram mot 2030. Våre fylkespolitikarar har også sett seg høge mål både når det gjeld gjennomføring og resultat, men for å nå desse måla krevst det at ein er villig til å gjere dei nødvendige tiltaka. Med den politikken som vert ført i dag er det nok meir sannsynleg at det det er fråfall og dårlegare gjennomføring som vert resultatet. Ein kan ikkje få gode resultat utan å investere!

Gerd Botn Brattli 

Utdanningsforbundet er også sterkt bekymra for dei tilsette sin situasjon. Innsparing av denne storleiken kan nok berre gjerast ved å kutte i stillingar og å fylle opp grupper. Vi håper at politikarane har tenkt på arbeidsgivaransvaret dei har for dei tilsette i vidaregåande skule.

Våre skular driv svært kostnadseffektivt med gode resultat samanlikna med andre fylke/regionar. Dette til tross for at vi har ein desentralisert skulestruktur og er store på yrkesfag, om lag 50% av elevplassane er yrkesfaglege. Vidaregåande skular kan vanskeleg spare meir utan at det får svært negative konsekvensar.

Utdanning og opplæring er ei av dei viktigaste oppgåvene til fylkeskommunen. Stopp raseringa av ein svært god skule før det er for seint.

Gerd Botn Brattli, Fylkesleiar i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal