Leserinnlegg:

Hummarfiske - kos og konflikt

Oddgeir Viken 

Leserinnlegg

Saka om hummarfiskarane og lappen bør vere kjent for dei som les Romsdals Budstikke. Eg er enig i at det å komme med truslar enten det gjeld det eine eller andre ikkje bør forekomme. Sidan det blir sagt at sterkare virkemiddel vil bli tatt i bruk dersom ein ikkje rettar seg etter det som blir kravd, er det uvisst kva ein skal forholde seg til, og det heile får eit dramatisk preg over seg.


Hummerfiskere fikk klar melding festet til to blåser utenfor Ona

– Trusler hører ikke heime i fiskeriet

Pensjonert fisker Sigmund Finnøy (78) på Harøya er rystet over budskapet som barnebarnet og en kompis fikk da de skulle dra opp hummerteinene vest for Ona søndag.


Saka framstår som ei arealkonflikt, der den eine ikkje godtek at andre kjem og haustar av det han reknar som sitt.

Eg får det ikkje til å rime at det er heile årsaka. Eg tenkjer at det må vere litt meir enn det, som har ført til at denne reaksjonen kom. Dette fordi me er mange som driv hummarfiske i alle himmelretningar rundt Ona og Husøya, både nært land og ved skjær og grunner lengre til havs. Her er yrkesfiskarar og hobbyfiskarar heimehøyrande frå Sula i sør til Fræna i nord.

Teinene står om kvarandre, og etter det eg har erfart så har det ikkje komme mange ukvemsord, sjølv om det til tider kan bli trangt om plass både hist og her. Det har vore som Sigmund Finnøy seier, fred og fordrageligheit, og det er å håpe at det kan fortsette slik. Det hender naturligvis at du bannar for deg sjølv, når du ser at den plassen du hadde planlagt å bruke er opptatt, men ukvemsord mellom naboar er me blitt spart for.

Tilbake til trusselbrevet. Det blir berre spekulasjoner når det gjeld kva virkemiddel fiskaren hadde tenkt på bruke dersom kravet han kom med ikkje blei innfridd. Det er nærliggande å tru at han hadde tenkt å kappe vegna til dei to kompisane, men det ville nok berre ha ført til at begge båtane vart vegnlause.

Dersom det er slik at dei to fiska med meir enn 10 hummarteiner frå samme båt, så har dei brukt meir vegn enn det som er tillatt. Skulle dei være så uheldige å bli tatt for dette, ville det føre litt meir med seg enn berre å miste teiner. Både på TV og i aviser har vi nyleg sett om store beslag av redskap som er satt ut i strid med regelverket, og om bøter på Kr. 5000 pr teine.

På Facebook-sider blir ”Onafiskaren” både latterliggjort og uthengt som ein stor egoist, med krav til han om både det eine og andre. No i ettertid er det naturleg om han føler på at han burde ha reagert på ein annan måte. Det spørs om ikkje enkelte som har ytra seg i denne saka vil ha litt av den samme følelsen ei stund, etter at dei har tenkt seg om.

Det er sagt at hummarfisket for øyfolket er det samme som elgjakta er for folk i innlandet. Det fiskast hummar og det pratast hummar.
Når det gjeld det siste så hender det nok at det kan bli litt mykje av og til, for ein som ikkje ”er bitt av basillen”.

For nokre år sidan kunne ein på lovleg vis også fiske hummar sommarstid. Då var dette fisket verkeleg til kos og rekreasjon for mange. Fine morgonar og lune sommarkveldar ute mellom holmar og skjær. Med den utviklinga i fisket me no opplever er det nok bra for hummarbestanden at det er fredning fram til 1.oktober. ”Alle” vil ha tak i denne delikatessa, enten til eige bruk eller for salg. Det er teiner over alt.

Ein uting som brer om seg er mangel på respekt for andre sin eigedom, og eg tenkjer her på at ein dreg andre si vegn. Med hurtiggåande båtar er det enklare å gjere eit raid for å tømme annan manns teiner enn å skaffe seg sine eigne. Mange har derfor gitt opp heile hummarfisket. Ein av dei er Per Lyder Brevik frå Åfarnes, som i RB torsdag 24.10 fortel om akkurat dette.

Det er blitt slik rundt omkring at den største spenninga ikkje lenger er om du får fangst, men om andre har henta den før deg.

Får håpe at det tek ei tid før det blir sånne tilstander ute hos oss.

Oddgeir Viken


--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook