– Ålesund, Kristiansund og Volda sjukehus si framtid!

Frank Sve, Frp  Foto: Richard Nergaard Richard Nergaard

Leserinnlegg

Til Fylkesordførar

Interpellasjon til Fylkestinget 9/12-2019:


Noko av det viktigaste for folk flest i vårt fylke, er helsetjenestene og spesielt nærheita til gode og trygge sjukehustilbod.

I Møre og Romsdal er situasjonen ikring våre sjukehus dramatisk, då det over lang tid har vore store meirforbruk og no skal ein gjennomføre betydelige kutt i drifta for å kunne gjennomføre bygginga av Nye Molde sjukehus.

Fylkestinget i Møre og Romsdal har vore svært så roleg i denne saka, men det som skjer i vårt helseforetak kan ein ikkje berre sete stille å sjå på, utan nødvendige engasjement og reaksjonar.

Vi høyrer om utviklingsplanen i Ålesund og Volda sjukehus på 1,8 milliard kr som vert foreslått utsatt på ubestemt tid. Hjerteavdeling i Ålesund og Traumebehandling i Volda er under press, det same gjelder svært viktige sjukehustilbod til befolkninga på Nordmøre.

Kva tilbod skal innbyggjarane i Nordmøre få i framtida?

Kva med tilstrekkeleg fødeavdeling i Kristiansund og andre sentrale sjukehustilbod?


Korleis er sjukehustjenestene tenkt å bli i heile fylket etter at eit nytt og moderne sjukehus står klart på Hjelset ? Kva strategi har Møre og Romsdal Fylkeskommune ang desse svært viktige tjenestene til innbyggjarane i heile fylket? Mange lurer på dette, og mykje vert dessverre styrt frå Trøndelag.

Helseføretaksmodellen og fordeling av midlane imellom dei ulike helseføretaka, vert styrt av helse midt Norge på ein måte som favoriserer Trøndelag og St Olavs hospital, medan Møre og Romsdal kjem dårleg ut. Møre og Romsdal Fylkeskommune må på ein heilt anna måte enn før, ta fatt i saka ang sjukehustilbodet her i fylket. Klarer ikkje vi i fellesskap å skape ro ikring desse tjenestene, klarer vi aldri å halde ihop Møre og Romsdal fylke som eigen region. Her på Sunnmøre er frykta svært stor for at bygging av nytt sjukehus i Molde, vil medføre ei sakte nedbygging av sjukehusa i Ålesund og i Volda.


Den same redselen er på Nordmøre, med frykt for nedbygging av helse og sjukehustilbodet i Kristiansund. Mange snakkar no åpent om at Sunnmøre bør søke seg sørover til Vestlandet og Haukeland sjukehus. Blir kutta i Ålesund og Volda gjennomført, samt den heilt nødvendige utviklingsplanen for desse sjukehusa utsatt langt fram i tid, trur eg ferda til Vestlandet for Sunnmøre sin del tek til.

På Nordmøre er situasjonen den samme, der nedbygginga av Kristiansund sjukehus og spesielt planane om flytting av fødetilbodet til Molde, den saka som er i ferd med å sende store delar av denne regionen til Trøndelag. Klarar vi ikkje her i fylket å unne Nordmøre og Kristiansund skikkeleg helse og sjukehustilbod, trur eg vi ikkje klarar å stoppe deira ferd nordover.


Kva strategi har vi såleis i Møre og Romsdal fylkeskommune for å klare å holde ihop denne regionen i framtida ? Til no har debatten ang denne saka  «glimra med sitt fråvær» , no er det på tide at fylkestinget tar fatt i dette og brukar både tid og ressursar på det politiske påtrykket som er nødvendig.

 Med bakgrunn i dette har eg fylgjande forslag for å kunne ta fatt i sjukehussituasjonen i vårt fylke :

1.  Fylkestinget ber Fylkesrådmannen førebu ein fag og faktadag i fylkestinget ang helse og sjukehussituasjonen her i fylket.

2. Med på dette møtet må det inviterast representantar frå regjering, Helse Midt Norge og Helse Møre og Romsdal, samt brukar og fagorganisasjonane.

Dei fire sjukehusa bør også få mogelegheita til å leggje fram sin eigen situasjonen og utfordringane til kvart sjukehus, «usminka» og utan å verte styrt av leiinga i helseføretaket, der fylkestinget kan stille nødvendige spørsmål i ein open dialog.

Planane for det nye sjukehuset på Hjelset må også grundig presanterast.


Mvh

Frank Sve, gruppeleiar for Fylkestingsgruppa til Møre og Romsdal FrP