Lite gange lite gange lite er nesten ingen ting….

Leserinnlegg

Kommentar til Statsbudsjettet på samferdsel: 

Det er klart at pengebruken må strammast inn, at veksten må bremsast og omstilling  til nye næringar må aukast. Like opplagt er det at klimatiltaka må aukast. Men for vårt fylke er  Statsbudsjettet skuffande lesing når det gjeld samferdsel.  Eit lite lyspunkt er nokre få millionar meir til busstilbodet, noko som vil hjelpe litt på det underskottet vi allereie har – men ikkje bidra til at vi kjem oss over på 0-utslepp i bussparken vår.

Møre og Romsdal fylkeskommune er tiltenkt kroner 0 til vidare tunnelsikring på fylkesvegnettet. Regjeringa seier vi har fått det vi skal ha, ca 250 mill kroner. Det er det vi har brukt på ein tunnel, Fannefjordtunnelen, og da står det att kostnader på langt over 1 mrd som må finansierast for at forskrifta skal vere oppfylt.

Vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet er rekna til nesten 9 mrd kroner (inkl. tunnelsikring). Vi får samme beløp som i fjor + påslag for prisstigninga, til saman ca 155 mill kroner. Det monnar lite, og vi burde forvente at vedlikehald av vegnettet vart høgare prioritert.

Regjeringa har sett av 100 mill kroner til særleg viktige fylkesvegar i heile landet, det betyr ca 5 mill kroner til oss, og er ikkje nok til å dekkje planleggingskostnaden på t.d. FV 60 ein gong.

Det vart lova at no skulle rassikring av fylkesvegane prioriterast opp i forhold til riksvegane, men det er det motsette vi ser i Statsbudsjettet. Det betyr at vi får store problem med å sikre Ågothammaren, Norddalsstranda og Grandefonna.

Ferjedrifta vår blir stadig meir underfinansiert, omlegging av inntektssystemet for båt og ferje gjer at vi får 150-200 mill kroner mindre enn det drifta kostar oss i dag. Med nye miljøferjer blir underskotet mykje større. Skal vi nå klimamåla må Staten stille opp på ein heilt anna måte enn i dette budsjettet!

På riksvegnettet ser det heller ikkje lyst ut, og det er svært skuffande at det ikkje er sett av midlar til krabbefelt øvst i Romsdalen.

Innbyggjarane i fylket må venne seg til kutt i tilbod som vi i dag ser på som sjølvsagte dersom dette held fram. Og at vi heller ikkje får gjennomført viktige klimatiltak.

Av Kristin Sørheim, leiar i samferdselsutvalet


--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal