Sjølvmål av Fræna kommunestyre?

Haukås skole.  Foto: Arkivfoto

Leserinnlegg

Folketalet  i dei høgst levande bygdene på Sylte/Malme og Tornes  har neppe nokon gong vore større enn det vi har i dag. Det samme gjeld elevtalet på skulane. Skule har ein hatt sidan ca 1880.  I  begge dei nemnde krinsane er det rikeleg med byggjeklare tomter.  Sylte og Malme ligg nær Molde og Hjelset (Molde nye sjukehus), og det er folk der som ser over grensa til Fræna når dei skal busette seg. Det ligg føre planar om etablering av verksemder ikkje langt frå Tornes, tenk på det nystifta Salmon Evolutions som blir etablert på Indre Harøy. Ein ser for seg at det kan vere mange som ønskjer både arbeid og ein plass å bu, noko som kan sikre desse bygdelaga god vekst dei kommande åra. Dei som tenkjer slik er spesielt interessert om det er skole i bygda.

Det Fræna kommune har klart å gjere er å gå inn for sterk reduksjon av skolen i desse krinsane, ved å flytte trinna 5-7 over til Haukås skole. Tenk det, Sylte/Malme og Tornes har tomter, utsikt for framtidig arbeid,  men vårt kommunestyre gjer vedtak om nedlegging eller reduksjon av skoletilbodet. Ikkje berre det, vi får tilbod av flytting til Haukås skole. Den skolen ligg i kommunen sitt største vegkryss. Dit skal vi sende våre born og borneborn, på ein livsfarleg, støyande og farleg skoleveg. Sjølvskading eller sjølvmål er vel det mest dekkande for dette.

Ein skal spørje folket i slike saker. Folket har gitt tydeleg svar på at dette er noko dei ikkje vil. Ein kjenner til at skolar på inntil 40-50 elevar blir lagt ned. Det er ikkje vanleg å gjere slike grep mot mellomstore skolar med 100-150 elevar. Det blir bussing av elevar i stort omfang, søsken bli gåande på ulike skolar. Dette er ei sers dårleg ordning som foreldra på det sterkaste motsett seg.

Haukås krins treng ein ny skole. Dei ville vore langt komme med dette dersom ikkje eit parti, AP, hadde skifta meining fleire gonger. Men Haukås skole treng absolutt ikkje elevar frå andre krinsar. Skolen ligg midt i kommunen sitt største vegkryss, men stor og farleg trafikk. Verst er trafikken ved skolestart og skoleslutt.Trafikken vil auke mykje ved ei sammenslåing. Uteområdet til skolen er for liten slik det er i dag. Elevane der har i dag derfor ikkje friminutt samstundes. Etter ei eventuell flytting blir alt mykje verre.

Tomta Haukås skole ligg på i dag er heilt ueigna. Ein ny skole treng ei stor, ubebygd tomt. Barneskolar skal helst vere på ein etasje, og ha stort uteområde. Slik tomt har ein ikkje der skolen er i dag, og ein klarer derfor ikkje få til så god skole som ein kunne ønskje. Prislappen på nye Haukås skole er det ingen som kjenner i dag. Slik ein planlegg no kjem den til å bli høg, kanskje meir enn kommunen kan tole. Eg kjenner til at kommunetoppar i  desse dagane arbeider mykje med å spare pengar. Til og med arbeid med bygdebok for kommunen har fått stoppordre, og der er det ikkje snakk om store summar. Eit sparetips er dette: La elevane på Sylte/Malme og Tornes få gå i sine eigne skolar. Klasseromma står der. Ein slepp då å bygge nytt til dei på Haukås. Der er det mykje for trongt slik det er i dag.

Eg meiner å ha ha sett ein tydeleg tendens til ønskje om sterk sentralisering i Fræna kommune, til kommunesenteret. Rådmannen dei siste åra har slik eg ser det gått i første rekkje her. Eg og fleire har  oppfatta rådmannen slik Haukås må slåast sammen med andre skolar for å få nybygg. Dette er å drive politikk, og det er ikkje rådmannen si oppgåve. Kommuneleiinga i Fræna har ikkje hatt evne til å finne ei eigna tomt til ein slik skole.

Ein må undre seg over eit slikt vedtak om storskole. Det er ikkje det beste for elevane, lærarar har heller ikkje store skolar som  førsteønskje som arbeidsplass. At politikarar skiftar meining brått, slik som her, kan skuldast store  ambisjonar på eigne vegne. Slike ambisjonar er viktigare og kjem gjerne framføre det som  folket ønskjer.

Knut R Sande

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal