LESARINNLEGG

Høgre sikrar ikkje taxi i distrikta!

«Taxitilbodet i store deler av distrikts-Norge kan lett verta mellom klokka 0600 og 1700 på kvardagar. Punktum.»
Leserinnlegg

Eg har lese Helge Orten og Nils Aage Jegstad sin kronikk med tittelen «Høyre sikrer taxi i distriktene» med stor interesse!


LESERINNLEGG

Høyre sikrer taxi i distriktene

Gjennom enerettsmodellen kan fylkeskommunene gjøre avtaler med den enkelte drosjeeier og sikre et godt tilpasset drosjetilbud i hele landet. Bedre koordinering med det øvrige kollektivtilbudet er en av fordelene.


Dette er noko som vert publisert på rbnett.no berre to dagar før regjeringspartia kjem til å gjera eit stortingsvedtak som mest sannsynleg totalt raserer taxitilbodet i heile Norge slik me kjenner det i dag.

Berre for at Uber og tilsvarande selskap skal få kunne lovleg etablera seg her i landet. Dei kjem visseleg ikkje til å etablera seg i distrikta, men konsekvensane av vedtaket vert truleg aller størst i distrikta!

Orten og Jegstad skriv at hovudelementa i dagens lovverk vert vidareført med nokre tilpassingar. Men det verste med lovendringa er at reguleringa av talet på løyver fell vekk og at det same skjer med maksimalprisforskrifta. No vil det verta fritt fram for nær sagt alle i heile landet å skaffa seg ein taxi og køyra, men inntektene vert så små at prisane må skruast vesentleg opp. Tomkøyringa aukar, og dette rimar ikkje med miljøaspektet...

Skal taxibransjen fungera optimalt, må fylkeskommunane kunne regulera talet på løyver, køyreplikta må oppretthaldast og maksimalprisane må fungera i heile landet – også i dei største byane!
Jada, greit nok om taxiløyva må fornyast kvart tiande år, slik at ein kan mista løyvet sitt. Men også i dag kan ein mista eit taxiløyve om det ikkje vert drifta i samsvar med lovar og reglar! Og: det er faktisk slik at alle som køyrar taxi må ha køyresetel, så dette er ikkje noko nytt.

Men kompetansekrava burde vera mykje strengare enn i dag, og veldig mykje strengare enn det som ligg i den nye lova! Regjeringspartia har gjort ein stor jobb med å selja inn, også overfor partifeller rundt om i heile landet, at alt skal verta så fantastisk med einerettsmodellen som skal gjera det mogleg for fylkeskommunane å inngå avtalar med taxieigarar.

For det første er det nok ikkje mange stader dette vert aktuelt, og for det andre er heile einerettsmodellen ein så stor bløff at det truleg er veldig få taxieigarar som vil vurdera å gå inn på noko slikt.
Så langt ligg det korkje pengar eller forsikringar om at skulekøyring, pasienttransport og tilsvarande vert innebakt i einerettsmodellen.
Og då er den absolutt ingenting verdt, anna enn å lura folk til å tru at taxibransjen vil verta den same i framtida som i dag! Taxitilbodet i store deler av distrikts-Norge kan lett verta mellom klokka 0600 og 1700 på kvardagar. Punktum.

Denne lova er svært dårleg utarbeidd og departement og politikarar har sett heilt vekk frå alle dei negative høyringsuttalane, så stortingsfleirtalet må tysdag 4. juni senda heile saka attende til regjeringa! Stein-Erik Ovesen Tidlegare mangeårig journalist og redaktør, no taxieigar ute i distriktet.

Stein-Erik Ovesen, taxieigar

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts meningsportal