LESERINNLEGG:

MDG: – Nye Molde må ta stilling i deponisaken

Leserinnlegg

Torsdag vedtok Nesset kommunestyre ein reguleringsplan som legg til rette for etablering av deponi for farleg avfall på Raudsand. Sunndal, Tingvoll, Gjemnes, Averøy, Kristiansund og Halsa har levert innsigelse mot deponiet, det same har fylkeskommunen, og motstanden er stor i mange parti i fylket.

Om litt over eit halvår er Nesset ein del av Nye Molde kommune. MDGs lokallag i Molde, Sunndal, Kristiansund, Tingvoll og Hustadvika samt Møre og Romsdal MDG meiner Nye Molde ved fellesnemnda må ta stilling til om kommunen ønsker giftdeponi.

– Nye Molde kommune må ta stilling til denne saken nå, vi kan ikkje sitje på gjerdet lenger. Det er merkeleg at kommunestyret i Molde så langt ikkje har hatt ei meining om denne kontroversielle saka. No blei reguleringsplanen altså vedtatt, men det tyder ikkje at siste ord er sagt. Det er nødvendig at politikarane i Nye Molde kjem på banen no, i staden for å halde fram med å skyve saken framfor seg, seier Rannveig Hana, andrekandidat for MDG i Molde.

Klimakrisa kjenner dei fleste av oss alvoret i. I det siste har stadig fleire blitt klar over at tapet av naturmangfald er like alvorleg som klimakrisa. Artar og miljø inngår ikkje politiske kompromiss - dei har berre tolegrenser. Utslepp av miljøgifter på grunn av eit giftdeponi på Raudsand, anten lokalt eller under transport langs kysten, vil bidra til ein forringelse av naturen som vi ikkje har råd til.


 

Hurlen: - Jeg tror dette kan bli starten på en ny industrihistorie på Raudsand

Også Mellvin Steinsvoll støttet reguleringsplanen: - Løftene i partiprogrammet veide tyngst for meg.


– At ordførar i Molde Torgeir Dahl kallar dette prosjektet sirkulærøkonomi eller ressursgjenvinning, vitnar det om total mangel på forståing av omgrepa. Å opne eit gigantisk deponi i Nesset, vil bli ei unnskyldning for å ikkje gjenvinne. Når det er lett å lagre billig, er det vanskeleg å skifte over til gjenvinning. Det er også fort gjort å tenkje at “ein stad må jo avfallet vere” - men det må det ikkje. Det er fullt mogeleg å gjenvinne størstedelen av avfallet, som svovelsyre og flygeaske. Den resten som faktisk må lagrast, er det lurare å lagre i fleire, langt mindre, tørre deponi, og unngå langtransport av farleg avfall langs utsette kyststrekningar som Hustadvika, seier Hana.

– Når nabokommunane, Miljødirektoratet og fylkeskommunen går mot prosjektet, seier det oss at mange fryktar konsekvensane. Ordførarane i Nesset og Molde stemte, som dei einaste, for deponi då det var oppe i fylkesutvalet. Kva haldning har dei andre politikarane i Molde? Saka skal no opp på nasjonalt nivå. Om det endar med ei godkjenning frå departementet, korleis skal Molde kommune, som då vil vere vertskommune for prosjektet, stille seg? Det treng innbyggarane i både Nye Molde og i Møre og Romsdal ei avklaring på, seier Carl Johansen, førstekandidat for MDG i Møre og Romsdal.

Carl Johansen, førstekandidat for MDG i Møre og Romsdal

Rannveig Hana, andrekandidat i Molde MDG

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts meningsportal


– En utrolig trist dag, sier Stig O. Jacobsen

– Jeg er dypt skuffet over vedtaket i Nesset kommunestyre. Men saken er ikke avgjort. Vi vil kjempe videre, sier Stig O. Jacobsen i «Jeg velger meg et giftfritt Nesset».

 

Frp vil stoppe planene om avfallsdeponi på Raudsand i regjeringa

– Rosene i Molde vil visne

– Rosene i Molde kommer til å visne hvis politikerne holder på med giftdeponiet slik de gjør. Men Høyre har ikke sjanse til å få deponisaka på Raudsand gjennom i regjeringa. Vi i Frp vil stoppe planene, sier fylkesleder i Frp Frank Sve.

 

Bygda Raudsand har ca. 300 innbyggere. Dagen etter vedtaket som åpner for farlig avfall i bygda, er noen glade, andre er skuffet

Raudsand har ca. 300 innbyggere. Dagen etter vedtaket som åpner for farlig avfall i bygda, er noen glade, andre er skuffet

– Vedtaket om reguleringsplanen er ubetinget positivt. Jeg har stor tiltro både til myndighetene og driverne i denne saka.