LESERINNLEGG:

Gigantisk ope lakseoppdrett i tradisjonelt fiskefelt på sørvestsida av Gossen?

– Søknad med feil og manglar.
Leserinnlegg

Det Frøyabaserte selskapet Måsøval Fiskeoppdrett A/S har søkt Aukra kommune om å plassere eit kjempestort ope oppdrettsanlegg for laks/aure med 10 merdar,kvar med ein diameter på 50 m, mellom Midfjordsskjeret og Orholmen utanfor Horremsbukta på Gossen. Selskapet har levert ein  søknad med store feil og manglar, m.a. i kartdokumentasjonen i vedlegga:

• Kartet som viser gyte/fiskebestand for torsk er direkte feil, noko som vart påpeika på orienteringsmøtet før jul og som ikkje er retta opp i  isøknaden. Kartet i vedlegg 2 er ikkje omfattande nok når det gjeld gyte/fiskefelt for torsk. Men søknadskartet viser at nesten halvparten av anlegget ligg på gyteområde for torsk.Dette bør vere grunn nok til å avvise plasseringa. Sjå elles utkast til reelt område som viser heile anlegget inne på gyte/fiskeområde.

• Søknaden inneheld ikkje kart over viktige berørte bestandar av fisk og skaldyr under eller i nærleiken av anlegget. Det gjeld mellom anna hyse, rødspette, sjøkreps, hummar og krabbe, artar som gyter og blir fiska i området.

• Søknaden manglar kart over bandlagd område stengd  for ferdsel og fiske nytta i generasjonar

• Det er ikkje oppgitt mengde av fisk tenkt plassert i dei 10 merdane.

• Konsekvensanalyser for fiske, spreing av lakselus, forrestar med og utan giftstoff , veknad for  pattedyr, fuglar, verneområdet i Hjertvika, friluftsliv mm manglar og burde ligge føre før behandling i Aukra formannskap og  sluttbehandling i næringsavdelinga i fylket.

 

BILDET: Fire personar som kjenner  området veldig godt frå gamle fiskemed, eige fiske etter mange artar, straumretning,djuprenne, tersklar og botnforhold  har laga eit utkast til bestands- og gytekart som vi reknar som heilt reelt og nøyaktig for berørt område. Kartet byggjer på kart frå Måsøval Fiskeoppdret sitt eige kart med 10 merdar innteikna og viser gyte/fiskeplassar for aktuelle artar som kan bli berørt av anlegget. Dei to stadane merka med svart er plassar for både laksenot og krokgarn  stadfesta av jorskifteretten, seinast i sak frå 1980.

Vi ber om at  dette kartet blir lagt til grunn i saksbehandlinga dersom korrekt kart ikkje ligg føre.

Konflikt med arealplana for Aukra 2016-2028

Aukrakommune har ein gjeldande arealplan for sjøområda gjeldande frå 2016-2028.Plassering av anlegget er i strid med arealplanea av to grunnar:

1. Der er det ikkje avsett areal for akvakultur, og grunngjevinga var etter det vi kjenner til at det var meir enn nok  oppdrettsanlegg rundt Gossen frå før.

2. Når anlegget likevel er tenkt plassert på tradsisjonelt fiskeområde og heilt opptil planområdet for framtidig fiske reknar vi dette som å vere i strid med gjeldande arealplan.

Brot på kravet om minsteavstand på 5 km frå lakseinnretning

I søknaden frå Måsøval Fiskeoppdrett A/S er Fiskeridirektoratets krav om at slike opne anlegg skal ha ein minsteavstand frå lakseinnretninger,dvs  avstand frå laks- og aureførande elvar, gyteplassar for desse eller tradisjonelle fiskeplassar med fastståande reiskap for laks og aure.

Fiskeridirektorat har eit offisielt kart med gyteplassar og fiskeførande elv for sjøaure  rundt øya Gossen. Både Horems- og Hjertvikelva er med på dette dette kartet og ligg langt nærare en 5 km frå det planlagde anlegget. Dette burde vere grunnlag nok for avvise søknaden, spesielt i lys av at det blir arbeidd frå Fylket med å utbetre gyteplassar i Horremselva og andre elvar på øya for å berge denne truga arten som er særleg hemma av lakselus.

Konklusjon

Lista over negative konsekvensar frå opne anlegg for lakseoppdrett i sjø er lang og godt kjend. Vi er overtydde at det planlagde kjempeanlegget vil øydelegge for framtidig fiske for mat og yrke i det berørte området. Det har vore eit rikt matfast i generasjonar og området bør ikkje utsetjast for denne påverknaden. Eit langt betre og framtidsretta alternativ er å flytte slike oppdrettsanlegg på land både av miljømessige og økonomiske grunnar. Vi vil derfor oppmode Aukra komunne å legge forholda til rette, gjerne ved å bruke næringsfondet,  for at Måsøval Fiskeoppdrett A/S eller andre selskap kan få drive lønnsamt og framtidsretta oppdrett på land  i kommunen utan negative konsekvensar for maritimt miljø eller tradisjonelle fiskeplassar.

Anton Skarshaug

Arthur Sølvik

Hans Christian Braarud

Asbjørn Windstad

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook