LESERINNLEGG

Ser ut til å bekrefte bygging av Nordøyvegen

NORDØYVEGEN: Nordøyvegen kan no byggjast og den nye regionen Møre og Romsdal kan kome seg vidare, skriv Frank Sve i dette innlegget.  Foto: STATENS VEGVESEN

Leserinnlegg

I eit radiointervju med NRK 6/11 bekrefter Jon Aasen at dersom bompengebeløpet for Nordøyvegen kjem på minst 500 mill kr, så står prosjektet seg og med andre ord vert gjennomført.

Kva er då problemet?

I saksgrunnlaget frå fylkesrådmannen som vart lagt fram for samferdselsutvalget den 24/10, står nye justerte tall for bompengar etter gjeldande bompengeproposisjon, inne med 516 million kroner. Dette er pr dato godkjent av Stortinget.


– Ekstramøte om Nordøyvegen i januar kan bli aktuelt, sier fylkesordfører Aasen

Elbiler på halv takst kan velte økonomien for Nordøyvegen

 

Dette må med andre ord bety, at fylkesordførar Jon Aasen bekrefter at prosjektet står seg og at økonomien er på plass. Dette er også i tråd med realitetane i saka.

Alle andre bompengeprosjekt her i regionen, har også vist at desse vert nedbetalt langt raskare enn antatt. Dette også med Elbil problematikken.

Det siste prosjektet her i fylket, Tresfjordbrua, opplever samme utvikling.

Det er no svært bra at det ser ut til at også fylkesordføraren går inn for Nordøyvegprosjektet og at saka med andre ord kan losast godt igjennom i fylkestinget i desember.

Fylket har muligheta til enda høgare ramme for bompengar for Nordøyvegen, og dette vert no avklart mellom partane i god tid før fylkestinget i desember. Her vil ein trenge ein tilleggsproposisjon, som då kan fremjast seinare, men som etter støtte frå Samferdselsministeren sjølvsagt går igjennom i Stortinget. Dette har en ikkje behov for å vente på, denne risikoen toler vi.


Fylkesordføreren ble holdt utenfor

Fylkesordfører Jon Aasen (Ap) ante ikke at plannemnda i fylkeskommunen hadde fått avklaringer fra samferdselsminister Jon Georg Dale om økonomien i Nordøyvegen.

 

Frank Sve avviser at fylkesordfører Jon Aasen er holdt utafor i Nordøyvegen-saka

– Vi snakker jo med statsrådene våre

– Vi har ikke holdt fylkesordfører Jon Aasen utafor, men sjølsagt snakker vi fra tre regjeringspartier med våre respektive statsråder om Nordøyvegen, sier Frank Sve (Frp).

 

Frå før veit vi at Nordøyvegprosjektet har fått bekrefta av Statsråden at det er P50 ramme som skal nyttast, dvs ei ramme som STVV byggjeleiing har lagt til grunn på samla inkl mva på 4,9 milliard kr. Her ligger inne 525 mill kr i usikkerheitsavsetnad, som STVV har bedt om.

I fratrekk frå ramma på 4,9 milliard kr kjem:

– ca 900 mill kr i MVA

– 516 mill kr i bompengar

– 360 mill kr i tilskott frå Nye Ålesund kommune

– 315 mill kr i RDA midlar frå Haram og Sandøy

– 89 mill kr i rentekompensasjon frå staten

– 15 mill kr frå IP huse

– 700 mill kr frå Hurtigbåtunderskott

+ 215 mill kr i renteutgifter i byggetida

Dette betyr at ny netto ramme for prosjektet vert på kr: 2,22 milliard kr.

Med dagens ferjekostnad som med fratrekk av inntekter og med forventa framtidige anbodskostnadar med nye nullutslipsfartøy, nye ferjekaier og framlagt straum, ser vi alle at dette vert langt over 5 milliard kroner i dei neste 40 åra. Berre i dag har vi 100, 9 million kr i underskottsdekning på ferjene til Nordøyane.

Dette betyr at det ikkje er 1 milliard kr billigare å bygge Nordøyvegen jamf Deloitte rapporten, men vesentlig meir med bakgrunnen i betydelig høgare kostnadar med ferjedrift i framtida.


Forvirring foran møtet med samferdselsministeren om bompengene

Ved å forlenge bompengeinnkrevingen fra 20 til 40 år, kan Nordøyvegen få inn rundt 200 millioner kroner mer i inntekter.

 

Frank Sve: – Budsjettet for Nordøyvegen er godkjend av samferdselsministeren

Sve: Jon Georg Dale godkjenner Nordøyvegen-budsjettet.


Vi skal alle vere glade for at vi har ein fylkesordførar som no endeleg ser ut til å sette foten ned for «svarteperspelet» frå fylkesadministrasjonen, og vi forventar alle at tøvet ang usikkerheitsavsetnad på meir en 1 milliard kr frå Gyttelvik, på eit prosjekt til vel 2,2 milliard kr kontant vert avvist.

Det samme gjelder fylkestinget sitt vedtak om at rehabilitering og ekstra busstilbud ikkje skal leggjast inn i prosjektet, som i så fall ville medført eit prinsipp som ingen andre offentlige instansar i Norge har gjennomført tidlegare. Verken staten sjølv, fylkeskommunar eller kommunar. Dette ville isåfall ført til at ingen ting kan byggjast i vårt fylke i framtida, ikkje eit einaste prosjekt vil kunne takle eit slikt prinsipp. Ikkje skulebygg, vegar, bruer, tuneller eller kulturbygg.


Dropper 40 år med bompenger - vil heller øke bomsatsen

Leder i samferdselskomiteen, Kristin Sørheim (Sp), mener bompengesatsen for Nordøyvegen må økes til 130 kroner.

 

Det kunne lenge sjå ut til at fylkesordføraren var langt nede i «bukselommene» til fylkesrådmannen, men no beviser Jon Aasen at dette ikkje er tilfelle.

Nordøyvegen kan no byggjast og den nye regionen Møre og Romsdal kan kome seg vidare, og arbeide med nye prosjekt slik som Todalsfjordkryssinga og skulebygg i Ålesund og i resten av fylket.

Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Facebook