LESERINNLEGG

Storkommunen må ikkje få sluke nynorsken

– Val av målform i ein kommune ikkje kan overlatast til den enkelte byråkrat og hans eller hennar vurdering av eigne språkkunnskapar.
Leserinnlegg

Fellesnemnda i Nye Molde kommune har vedteke å utsette spørsmålet om målform til det nye kommunestyret etter 2020. I mellomtida skal tilsette som skriv saksframlegg, brev og dokument, kommunisere på den målforma «de behersker best». Det er likevel rimeleg å spørje: Kva dokument og skriv har så langt kome på nynorsk i prosessen fram mot ny kommune? Og framleis er det halvtanna år att til dei tre kommunane er éin kommune.


Slik blir målformen i Nye Molde kommune

Kommunestyret i Nye Molde kommune skal få bestemme målformen.


Det er viktig å understreke at val av målform i ein kommune ikkje kan overlatast til den enkelte byråkrat og hans eller hennar vurdering av eigne språkkunnskapar, men må bli vedteke politisk i ein språkbruksplan. Vi i Molde Mållag er glade for at leiarteigen i Romsdals Budstikke 27. juni gir klar støtte til dette: «Politikarane i nye Molde kommunestyre må sjå til at alle har den same retten til språk og målform.»

Både Midsund og Nesset er tradisjonelle nynorskkommunar og skal bli ein del av Molde, som i praksis er ein rein bokmålskommune. Nye Molde kommune har eit ansvar for å ta vare på den nynorske tradisjonen og dei nynorskbrukarane som finst i desse kommunane.

Nynorsk er eit mindre brukt språk i Noreg. Derfor er det viktig med område der nynorsken blir hegna om. Det er i nynorskkommunane ein i dag møter mest nynorsk, og vi veit at nynorsk opplæringsspråk i skulen er meir robust der det vanlege språket utanfor skulen også er nynorsk. Det blir vanskelegare å halde på språket sitt når ein hamnar i tydeleg mindretal. Slår ein saman små nynorskkommunar med store bokmålskommunar, skaper ein slike  mindretal som gjer det vanskelegare å halde på nynorsken.


 

Nye Molde kommune må hindre at dei ikkje aukar presset på nynorsken i kommunane rundt Molde. Den nye kommunen skal vere «språknøytral», men i ein organisasjon med mykje tekstsamarbeid og lang bokmålstradisjon vil dei fleste språkvala bli til bokmål om kommunen ikkje lagar ein plan for å unngå det.

Derfor trengst det altså særlege ordningar og politiske føringar for at det minst brukte språket framleis skal bli brukt og vere levande i den kommunale administrasjonen. Og for at dei mange nynorskskulane i den nye kommunen skal kunne skape trygge språkbrukarar omgjevne av nynorsk.

Språkbruksplanen må seie noko om korleis kommunen vil veksle mellom språkformene, og korleis ein sikrar at nynorsk er synleg i utetterretta informasjon. Saker som omhandlar områda med mest nynorsk, bør skrivast på nynorsk, og skriv og annan informasjon som går til innbyggjarane her bør vere på nynorsk.

Den nye kommunen får rundt 300 barn som har nynorsk i grunnskulen. Nye Molde kommune får fire nynorskskular under seg der dei skal sikre like god språkopplæring som i dag. Desse elevane skal bli like trygge og stolte språkbrukarar som bokmålsbrukarane blir. For å sikre dette må desse skulane bli omslutta av nynorsk,  og all kommunal aktivitet retta mot barn og unge må ha eit særskilt ansvar for å veksle mellom nynorsk og bokmål. Barnehagane som skal sende ungar i nynorskskular, må bruke nynorsk.

Stortinget har sagt at nynorsken ikkje skal bli skadelidande som resultat av reforma. I samanslåingsprosessen vi no har framfor oss, må politikarane i dei tre kommunane følgje opp desse føringane. Det må bli like lett og sjølvsagt å skrive nynorsk som bokmål i den nye, tospråklege kommunen Molde.

For Molde Mållag

Åse Marie Longva (fungerande leiar)

Anna Lianes (leiar, i permisjon)

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook