Når eg les om dei luftige planene til Odd Arne Blindheim og Rauma Utvikling As, blir eg både bekymra og opprørt. Det er det fleire grunnar til;

1. Lodge-eigar-perspektivet

I fem år har me hatt fornøgde gjestar på Romsdal Lodge på Øvre Kavli. Ofte startar turane på Lodgetrappa, og det er veldig kjekt at me ikkje må passere mellom 800 og 1000 hytter og eit skianlegg på vegen til Loftskarstind eller Kirketaket. Det gjestane er aller mest fornøgd med, er at naturen er så tett innpå. At Romsdalen er så urørt. Ekte. Ikkje Hemsedal, ikkje Trysil. Romsdalen!

2. Visjons-perspektivet

Verdens beste kommune for naturglade mennesker. Ein stilig visjon, som eg skryt av og lokkar med. – Flytt til Romsdalen, her får førsteklassingane tursekk og kommunstyret har ruslemøter ute, og me har gapahukar og fiskevatn og dei finaste fjella og rennande vatn i gågata. Norsk tindesenter har me! Og dei brattaste tindane og dei snille bortoverturane. Ta med deg fjellskoa og skia dine og stisykkelen din, og flytt hit!

Det er veldig kjekt å kunne fortelje at me har ein visjon, med eit innhald som forpliktar. Det burde vore enda meir forpliktande og enda meir å skryte av; naturtomter for alle dei som vil flytte hit og bo med blåbærlyng og trea tett innpå, kildesortering på alle offentlege bygg, parkeringsplassar og attraksjonar, eit nei takk til store utbyggingar og motorisert ferdel i naturen, naturgledarar i skular og barnehagar, ein rød og miljøvennlig tråd av informasjon og opplevingar for alle som kjem hit på besøk, og kanskje til og med ei egen naturgledestilling i kommunen? Natur. Glede. Visjonært. Ambisiøst. Ikkje Lom, ikkje Lyngen! Romsdalen!

3. Natur-perspektivet

Blindheim seier at prosjektet er kraftig neddimensjonert frå den opprinnelige ISKI-plana, men slik eg les prosjektplana ser det veldig likt ut. Eg reagerer dessutan på at Blindheim meiner at desse «luftige planene» ikkje er eit massivt inngrep?!

«Vi ønsker å bruke naturen for naturens del», seier Blindheim. Men kva i alle dager betyr det? Hvis naturen kunne ha noko å seie, så trur eg ikkje 1000 hytter er øverst på ønskelista. Eg har meir tru på at den vil beholde bekkane sine og skogen sin. Fortsette å få besøk av fuglar og hjort og fjellsko på mjuke stiar. Å vere ein naturglede-kommune bør bety at me som bor her er på lag med naturen, og at me vil ta vare på den. Særleg bør dei som stemmer og bestemmer huske på det ansvaret. Invitere turistar hit – ja. Men ikkje utan ei plan som er med på å begrense slitasje og inngrep. Forpliktande. Bærekraftig. Framtidsretta. Ikkje Everest Basecamp eller Machu Picchu. Romsdalen!

4. Reiselivs-perspektivet

Det er spennande at det skjer så mykje innanfor reiselivet i Romsdalen for tida. Mange lokale og dyktige aktører bidrar til ein positiv vekst i næringa, og eg meinar at me er inne på eit bra spor. Eg er ikkje redd for utvikling. Og utbygging må også til for å ta imot alle dei gjestane me vil skal komme. Men eg syns det bør skje med stil! Og eg syns Romsdalen bør ha ei langsiktig plan. Korleis vil me oppfattast? Kva vil me selge? Korleis tar me imot gjestane våre? Vil me ligne på nokon andre, eller ha noko eget? Det er i stor grad friluftsliv som lokkar turistar hit, og kva friluftsliv er for kvar enkelt er nok litt ulikt. Men stortingsmeldinga definerer at motorisert ferdsel ikkje er friluftliv, og kanskje har det ikkje så mykje med naturglede å gjere heller?

Til toppen uten heis, men for eigen maskin. Fjellsko. Toppturski. Stisykkel. Ein kaffe på ei setertrapp. Ikkje Bjorli, ikkje Stranda. Romsdalen!

5. Ego-persepektivet

Eg bor her fordi eg er glad i naturen. Fordi det er viktig for familien min at naturopplevingar er ein del av kvardagen vår – og ikkje berre noko me oppsøker i helgene. Sjølv om me ikkje har fått tak i naturtomt, så bor me i Isfjorden. Eg irriterar meg litt over den flate plena og over at dei furutrea som var her før vart hogd. Men det går fort å komme seg inn i naturen. Og eg har vorte glad i den skakke setra på Kavliheian, i den gøymte kulpen på Loftskarsetra og i stien som lagar ein perfekt runde rundt Vårseterhjelen. Det har vorte eit viktig nærområde for meg og min lille familie, og eg blir veldig trist ved tanken på at eit gigantisk hyttefelt skal ødelegge dette. Nært. Kjært. Mitt. Ikkje nokon annan plass. Romsdalen!

Ida Siem, Romsdal Lodge

---

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook

Eg bor her fordi eg er glad i naturen. Fordi det er viktig for familien min at naturopplevingar er ein del av kvardagen vår – og ikkje berre noko me oppsøker i helgene, skriv Ida Siem i innlegget.