Politikarane og kommuneadministrasjonen i Hustadvika kommune må legge fram eit budsjett i balanse. Det er ei årleg hending, og no i desember er beskjeden den same som i 2019, 2020, 2021 og 2022: Kommunen må bruke mindre pengar. I Hustadvika ungdomsråd er vi i år også bekymra for verknadane av kuttforslaga.

I budsjettforslaget er det lagt inn kutt på mange millionar i skular. Dette kjem på toppen av alle kutta som har vore gjort i skulane sine driftsbudsjett tidlegare. I handlings- og økonomiplana har rektorane frå alle skulane i Hustadvika laga ei liste over kva kutta kan føre til. Nokon av dei er:

-          Vanskelegare å gjennomføre praksisretta fag som arbeidslivsfag. Praksisretta fag må då bli erstatta med teoretiske fag, som språkfag. Andre praktiske fag som kunst og handverk og matlaging må i større grad vere teoretisk.

-          Mindre svømmeundervisning

-          Mindre MOT

Ikkje nok med det: Reduserte moglegheiter for tidleg innsats, dårlegare sosial oppfølging og færre lærarar og fagarbeidarar i kvar klasse. I tillegg skriv rektorane: «Innsparingene vil gå ut over forebyggingsarbeidet, tryggheten til eleven og kvaliteten på selve undervisningen.»

Med slike kutt er vi sikker på at skulekvardagen blir vanskelegare for den som allereie slit. Alle veit at skulen i dag er altfor teoretisk. Alle veit at skulen er best for dei som kan sitte i ro bak ein pult. Ved å blant anna fjerne moglegheiter som arbeidslivsfag, fjernar ein eit sårt trengt avbrekk for desse elevane. Likevel skal økonomien diktere i kor stor grad desse skal få lov å kjenne på meistring.

Viss budsjettforslaget blir vedtatt slik det no er foreslått, så syns ikkje vi ungdommar noko om å få spørsmål om kva som skal få oss til å bli verande i kommunen. Vi har sagt at gode skular er utruleg viktig. Om ein då skal sultefôre skulane slik at dei ansatte ikkje har tid til den enkelte eleven, så står det i strid med det vi meiner er ein god skule.

Dette er også det tredje året på rad der vi prøvar å forsvare MOT frå sparekniven. Vi veit at fleire treng hjelp frå psykiske helsetenester. MOT er med på å bygge robust ungdom gjennom å jobbe med viktige tema som: Alkohol og rus, kjensler, draumar, karriere, fellesskap, inkludering, diskriminering, rasisme og tryggleik. Å kutte eit så godt tilbod i Hustadvika-skulen meiner vi utan tvil vil vere negativt.

Saman med MOT står dei kommunale ungdomsklubbane sentralt i å skape trygge og gode rammar for ungdom. Vi meiner derfor at kommunestyret burde prioritere å investere i nye lokalar til ungdomsklubben i Elnesvågen, Hub’n. Vi trur at eit eige lokale der ungdom kan vere med på utforminga av sjølve lokale, vil vere positivt for all ungdom i Hustadvika.

Vi i ungdomsrådet skjønnar sjølvsagt at kommunen står i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Nokon blir misnøgde uansett utfallet av budsjettbehandlinga, men vi håper likevel at politikarane vil skjerme skulane og satse på ungdomsklubbane.

Hustadvika ungdomsråd

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal