Det er derfor grunn til å være både stolt og takknemlig over Noreg sine politikarar, som gjennom etterkrigstida ville gjennomføre gjenreisinga av Noreg snarast råd. Og samstundes til langt inn i 1960 åra var det stor  politisk vilje for å utvikla og innføre den  «norske velferdsmodellen» - slik vi i hovedtrekk kan gjenkjenne den også i dag.

Der eksempelvis barnetrygd, sjuketrygd, arbeidsledighetstrygd og allmenn alderstrygd mm vart innført for alle i rask rekkefølge år etter år utover 1950 talet.

Folketrygda som etter kvart vart vedtatt innført på midten av 1960-talet er ei obligatorisk trygdeordning for alle som er busett i Noreg. Innføringa og lovgrunnlaget for denne store og omfattande velferdsordninga, fekk brei tilslutning i dei fleste politiske partia.

Folketrygdens formål - og litt av intensjonen blir forsøkt beskrive, i ein svært,svært kortfatta «eigen versjon» :  «Folketrygdas formål er å gje økonomisk tryggleik med å sikre inntekt og kompensere for særlige utgifter ved arbeidsløyse,svangerskap og fødsel, aleineomsorg for born,sjukdom og skade, uførheit, alderdom og dødsfall. Folketrygda skal dessutan bidra til hjelp til sjølvhjelp med sikte på at den enkelte skal kunne forsørgje seg og klare seg sjølv best mulig til daglig mm.

Noreg er eit lite land i den store verden, med ca ein promille av verdens befolkning. Dei aller fleste av oss har eller kjem fra ein liten eller stor familie-og vi er busett i ein av landets 357 kommunar -ofte med små eller litt større forskjeller på det meste. Stort sett har vi det rimelig bra totalt sett i Noreg, men dessverre blir vi daglig vitne til umenneskelige krigshandlinger -og meiningslaus terrorvirksomhet, samt store konflikter og boikott med store vanskar som resultat.

Indirekte vert også det trygge Noreg ramma med eksempelvis ekstra mottak av flyktningar, prisvekst på dei fleste områder og auka rentekostnader. Mesteparten av dette kjem i hovudsak på grunn av krig og konflikter samt ein langvarig pandemi  i Europa og elles i verden.

Historisk er straumprisane blitt høg også i Noreg. Men samanlikna  med andre europeiske land, er straumen fortsatt «billig» for norske husholdninger. Staten betalte ut ca 33 milliarder kr som strømstøtte til norske hushaldningar i 2022- og forventa utbetaling i 2023 til same føremål er ca 44,8 milliarder kr. I tillegg fekk bedrifter, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar utbetalt milliarder av kroner som straum støtte.

Noreg tente også godt på den høge gassprisen for gass levert til Europa. Mange europeiske nasjonar bruker også gass til sine husholdninger og til å drive dei mange gasskraftverka som finnes. Og heldigvis var det igjen framsynte politikere som sikra at all virksomhet på norsk sokkel skulle foregå under nasjonal styring og kontroll. Vår olje-og gassproduksjon er på omtrent 2,5 prosent av verdens totale produksjon.

Noreg har blitt kåra til verdens best land å bu og leve i av FN- heile seksten gonger, i tillegg nokre andreplasser og ein tredjeplass. Og eit særs godt og velfungerande helsevesen er vel heller ikkje å kimse av. I følge hjerneforskning har kkje den menneskelige hjernen forandra seg nevneverdig på tusenvis av år, mens vi og resten av verden forandrar oss både daglig og stadig.

Per Anders Nordengen kjent foredragshaldar og forfattar hevda at mange av oss velger å framføre kun negativitet og klaging omtrent daglig. Og i følge Nordengen har desse personane allereie blitt  europamester i klaging og  syting. Forhåpentligvis vil det meste av  «sytinga» forsvinne saman med årets snø. Muligheten til å forandre- eller behalde ordninger som er bra - er tilstades året rundt.

Paul Sporsheim, Aukra kommune sin hittil eldste innbyggjar fortalte som godt vaksen 100 åring - at 28.januar var siste dato for å ønskje kvarandre godt nytt år. Kvifor akkurat 28 januar var mitt spørsmål, fordi det er slik - var det enkle og gode svaret frå Paul Sporsheim. Muligheten og tradisjonen på dette området vil være tilstades både i år -og i dei kommande åra.

Bernhard Riksfjord

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal