Det er i dag over 1 milion  menneske i Noreg med hørselsutfordringar, kvar femte innbyggar og mange av desse er unge. Det vil seie at dette på ein eller annan måte vedkjem oss alle.

For å kunne delta i den politiske debatten generelt, og i valkampen 2023 spesielt, er det ei stor gruppe som er heilt avhengige av tilrettelegging for å kunne delta. Difor oppfordrar vi i Hørselshemmedes landsforbund (HLF):

·       alle politiske parti i Molde,

·       den kommunale administrasjonen i Molde, og

·       andre som har ansvar for tilrettelegging av møteplassane i kommunen i samband med valkampen 2023,

å sørge for blant anna god lyd.

Dette er viktig for å få inkluderande møteplassar, og eit demokratisk ansvar. Noreg har ratifisert FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsatt funksjonsevne (CRPD), og artikkel 29 undersrekar hørselshemma sin rett til å delta i det politiske liv. Det er på høg tid at dette blir tatt på alvor, og det blir sikra demokratisk deltaking for alle.

For menneske med hørselsutfordringar betyr dette:

·       Alle valarrangementa skal ha lyd- og taleoverføringsutstyr som teleslynge for å sikre god høyrbarheit for alle

·       Alle debattar og arrangement skal skrivetolkast

·       Alle debattar og valsendingar i lokale media og innhald i sosiale media blir teksta

·       Alle vallokale skal ha god visuell informasjon

·       Alle valfunksjonærar er medvitne og førebudd på at dei vil møte menneske med ulike utfordringar og behov

·       At det blir informert ved innkalling og annonsering av arrangement korleis desse er tilrettelagt

Dei politiske partia har ikkje råd til å miste desse stemmene, verken på valdagen eller i den politiske debatten.

Godt val!

HLF Molde

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal