Molde kommunestyre har bestemt at det ikkje skal vere deponi for farleg uorganisk avfall på Raudsand.  NGU har slått fast at det ikkje er klokt med den berggrunnen som er der. Nett no fann den nye drivaren 700 tonn aluminiumoksid deponert i ein tunnel som «ingen» visste om. Miljødirektoratet ga dei frist til januar neste år, men allereie i juni d.å. var pålegget utført, sjøl om det ikkje var Speira som hadde lagra det der.

Det har vore mykje støy og skarpe frontar rundt industriverksemda frå då Aluscan fekk ein høgsterettsdom mot seg for alvorleg miljøkriminalitet i 2004. I mai 1994 skjedde den kraftigaste industrieksplosjon i norgeshistoria der det gamle heisetårnet i betong vart smadra og vindua på andre sida av fjorden, 2300 meter unna, vart knuste.  Truleg årsak var danning av hydrogengass frå deponert avfall i sjaktene.

Ein elektrisk motor tente smellen. Industriavfallet som ligg i sjaktene har staten ansvar for å rydde opp i. Så langt er dette arbeidet ikkje påbyrja.  Eg stilte spørsmål til ordførar Dahl om ikkje kommunen som har reguleringsansvaret i området skulle krevje at ting vart gjort, kanskje ilegge dagbøter dersom arbeidet ikkje starta opp.   Svaret var tvert at kommunen ikkje hadde reguleringsmynde under bakken.

Heldigvis ser det ut som Fylkeskommunen med si miljøsatsing tek dette på alvor. Mykje av æra for dette skal fylkestingsrepresentant Gunnhild Synnøve Meringdal frå FrP ha.

Alt i alt ligg det uante mengder gamle miljøsynder rundt om som det vil ta lang tid å rydde opp i.  Når lovgjevarane sjøl ikkje greier å gå føre med noko godt døme, så er det grunn til å slå alarm.

Så attende til Speira som melder at alle tilsette skal gjennom ein helsesjekk. Det har vore låg merksemd på dei tilsette sin tryggleik og høge miljøutslepp. Dei har teke nye grep på attvinningsanlegga både på Rød og Rausand. Produksjonssjef Fabian Azof med doktorgrad i metallurgi er svært glad for at det no har blitt åpenheit rundt drifta, HMS og sikringsutstyr kjem på plass. Tilsetting av HMS ansvarleg no i september.  Det er sett i verk strakstiltak for å redusere utsleppa til sjø og luft og ny prosess av aluminiumsoksiden vil hindre at skadelege gassar slepp ut i sjøen, men vert fanga i fast form til eit produkt som vert brukt i betongindustrien. I tillegg vil dei satse på fullverdig og permanent rensing av avløpsvatn, men først eit strakstiltak montert av Nordisk Vannteknologi.

Alt i alt ser det her ut til å vere eit seriøst firma som har både teknologien, økonomien og verdiane som er naudsynte dersom resirkulering og nullutslepp skal gje meining. Truleg ei  bedrift som har evnen til å skape tillit i møtes med innbyggarane på Raudsand og det politiske apparatet.

Eg går nå av i politikken men eg skulle ønske at Speira inviterte det nye kommunestyret til ei grundig orientering om situasjonen og planane framover. Det vil skape åpenheit og tillit som har vore mangelvare alt for lenge i denne saka.

P.S.

Historia om Raudsand og forureining til sjø og i lufta har mange likskapstrekk med Ibsens «En Folkefiende»  der Dr. Stockmann varsla at byens bad var infisert og skadeleg å bruke. Han trudde han ville få takk, men dei fleste vende seg mot han, også hans eigen bror som var med i «byens bestyrelse» og hadde økonomiske interesser i drifta.  Eit teaterstykke frå 1883 og frampeik på dei miljøkampane som har følgd den industrielle revolusjon, der arbeidsplassar, økonomi og miljø vert vegd opp mot kvarandre.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal