Det tek mellom tredve og førti år før eit samferdselsprosjekt av ein viss storleik kan bli realisert. Då er pågangsmot, vilje og tålmodighet viktige egenskaper å ha.

Regjeringa Stoltenberg fremma i 2012/2013 forslag om å planlegge – og bygge ferjefri E39. Forslaget fekk stor oppslutning i kommunar, fylkeskommunane, næringslivet og i Vestlandsråda.

Stortinget støtta intensjonen – og forslaget – om ferjefri E39 under NTP- behandlinga.

Debatten dreia seg mykje om: vil ferjefri E39 kunne bli gjennomført på tjue eller tredve år? Og sjølvsagt bompengar.

Prosjektet E39 Ålesund-Molde (Møreaksen) har blitt prioritert – og vedtatt – i alle aktuelle kommunar – og av fylkestinget i Møre og Romsdal.

Dermed kunne regjering og Stortinget i 2013/2014 ta over den Nasjonale behandlinga for «Møreaksen-prosjektet».

Og det er brukt ca 500 millionar kroner til planlegging og utredning, samt til arkeologiske undersøkelser.

Partia Høgre, Senterpartiet, Venstre, KrF og Arbeiderpartiet prioriterte Møreaksen bygd under NTP-behandlinga i juni 2021, der heile 82,5 prosent av representantane støtta prosjektet i Stortinget.

Likevel, arvelig, smittsom, eller av anna overførbar mistru, har tusenvis av personar alltid formidla elendighetspåstandar i godt over førti år. Som garantert ville ramme innbyggere og brukarane med forferdelse om samferdsels prosjekta vart bygd. Har dei nokon gong fått rett? Svaret er vel heilt eintydig, aldri.

Møre og Romsdal er eit av landets største og viktigaste eksport fylke. Noko NHO og 110 viktige bedrifter med over 23.000 arbeidsplassar og 100 milliardar i omsetning, også har påpeika. Dei vil ha – og krev – bygging av Møreaksen snarast. Dette rettmessige kravet må vektlegges i mykje større grad – og ikkje legges vekk.

Ferjedrift er ikkje gratis som mange trur, kostnaden for storsamfunnet er ca 6,5 milliarder kroner pr år.

Det er heilt uforståelig og det som verre er når regjeringa no snur om og kun signaliserer meir og meir midlar til jernbaneprosjekt på Østlandet.

Det er sikkert nødvendig og kan ordnast, men kjære vene, sjå gjerne utanom områda der samferdsels- og finansministeren frekventerer. Det bur også folk flest utanom togstrekningene på Østlandet.

Åtte av ti reiser med bil innenlands, det utgjer ca 87 prosent all trafikk i Noreg.

Reisande med tog utgjer ein svært liten del av trafikken, men dei skal sjølvsagt også ha gode frekvensar på sine reiser. Det er fleire som går og sykler til og frå, enn som nytter seg av tog, både daglig og årlig.

Under Solberg-regjeringa fekk Møre og Romsdal tildelt minst statlige midlar til samferdsel. Den fortsettelsen med å behalde sisteplassen, vil Støre-regjeringa gjerne behalde, ser det ut som.

Dei fylka som krangler mest og lengst (internt) dei får vanligvis minst. Der er Møre og Romsdal suveren norgesmester utan nevneverdig konkurranse.

Påska er nettopp over og ei læresetning vart formidla ofte: Vend i tide, det er ingen skam å snu. Den oppmodinga må Senterpartiet og Arbeiderpartiet ta inn over seg også i posisjon, som når dei var i opposisjon under NTP-behandlinga. Då er det truverdig, tillitsvekkende, respektabelt – og vert i tillegg forstått.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal