Eg likte ikkje denne omtalen, men må nok vedgå at dei driftigste bøndene her i bygda aldri hadde gått landbruksskule.

Det var med forventning eg tok turen for å oppleve åpninga av det tredje fjøset etter mi tid som elev på Gjermundsnes, og det som vart omtala som landest mest moderne fjøs. Eg vart litt skuffa. Sjølv om ein «avskriv» halve byggekostnaden på 60 mill., til det som gjeld undervisning, så må det være noko som er feil når eitt så lite fjøs kostar så mykje.

På turen heim gjennom Vågstranda stilte eg meg ein del spørmål: Korleis har eg og familien min kunne overlevd gjennom 50 år på eit bruk med 63 da. dårleg dyrkajord og med eitt båsfjøs som eg måtte låne 91.000 kr. til 13 % rente for over 50 år sidan?  Og kven har råd til å bygge eit slikt fjøs der alt manuellt arbeid er erstatta av robotar, mekanikk og elektronikk. Kanskje går det for dei som kan ha to gode inntekter frå anna arbeid. Og er det gjeldsslavar eller byråkratar som er målgruppa for utdanninga?

På Vågstranda er det no att eitt bruk med mjølkeproduksjon. Eg tru ikkje at det blir fleire som let seg inspirere til å starte opp etter det eg såg på Gjermundnes denne dagen.

Det var mange som held taler og store ord blei brukt. Utstyrslevrandørane hadde sjølvsagt ein god dag. Eigaren M. og R. fylkeskommune var ikkje representert med nokon med politisk makt eller ansvar, men eigedomssjefen tok imot på ein grei måte.

Formannen i M. og R. Bondelag held tale og rosa denne satsinga. Men når ein læs referata frå møter på ulike nivå i Bondelaget rundt om i landet, så er det lite samsvar mellom «praktfjøset» og den virkelegheita bøndene fortel om.

Men eg vil ynskje lykke til, og eg håper at eitt snev av fjøslukt vart med Stortingsmannen tilbake til Oslo.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal