Vi ligg 50% over, seier Marianne Hunnes Gaustadnes og Harry Brude i eit innlegg i Romsdals Budstikke. Det er sant. Det nasjonale målet er 39. Det er elles ikkje slik at alle jervane i landet har samla seg i beiteområda i Rauma. Dei fleste av dei overtalige held til i Hedmark og Nord-Trøndelag, og bør ikkje plage nokon i Møre og Romsdal.

Stortinget har bestemt at vi skal ha 39 jervynglingar i året. Desse ynglingane skal helst fordele seg med 3 i Møre og Romsdal og 7 i Trøndelag. Oppland har 4 og Hedmark har 5. Resten av landet treng vi ikkje bry oss med i dag. Ymse forlik og sentrale forvaltingsmynde har så bede rovviltnemndene å finne område der desse jervane skal halde til. Helst slik at ingen av jervane kjem på å gå utanfor sitt areal og over i beiteprioriterte område. Ein kan lage til eit areal og så invitere jervane dit, eller ein kan ta utgangspunkt i kvar jervane helst vil vere og så legge forvaltingsarealet der. Det siste er nok årsak til at indre delar av Rauma ligg i forvaltingsområdet for jerv. Rovviltnemnda sin forvaltingsplan seier vidare at eventuell beiting i forvaltingsområdet for jerv skal tilpasse seg jerven sine behov. I beiteprioritert område skal det vere minst mogleg med jerv. Systemet er laga slik for at dei som har beitedyr skal kunne rette seg inn etter dette. Dette er ei minimumsløysing for jerven. Såpass må det vere.

Litt statistikk frå 2017 og til no bør vere oppklarande:

3 av åra har ein nådd målet i forvaltingsområdet, dei 4 andre har ein vore under. Ingen av åra har ein vore over. Viss ein skal halde seg på vedtatt mål, så er det nokre overtalige i 2019-2022, men overtalet er altså ikkje i forvaltingsområdet der jerven skal vere. Kvotene har elles ikkje stansa jakta i beiteprioritert område.

Naturvernforbundet har gått gjennom DNA-materialet som også kan vise kor stor bestanden er. Det stadfester at bestanden jamt held seg under målet.

Alle med mynde i rovviltforvaltinga er samde om at flest mogleg av jervane som det er mål om skal halde seg i forvaltingsområdet. Forvaltingsområdet er fastsett av rovviltnemnda. Dei har greie på husdyr, mange av medlemmene eig sjølv husdyr. Dei gjer som best dei kan og dei er svært opptatt av at dette skal bli best mogleg for beitebrukarane.

Kva så med dei store tapa i Rauma? Mykje av beitearealet som blir bruka ligg i forvaltingsområdet for jerv. Beiting er difor berre aktuelt i den grad ein får til ein sameksistens med jerven. Beitelaget øvst i Romsdalen har imponert meg fleire gongar. Eg har lurt på kor lenge det kan vare.

Går det ikkje, så må ein beite med andre typar dyr, eller slutte med å beite desse områda. Eit alternativ måtte i tilfelle vere at rovviltnemnda gjer om forvaltingsområdet, slik at det anten blir større, eller blir liggande ein annan stad. Eg trur nok nemnda gjerne kunne tenkje seg noko slikt, men dei har ikkje sett løysinga. Naturvernforbundet har foreslått å ta inn igjen eit areal i Øvre Sunndal og eit område ved Åmotsdalen i Oppdal inn i forvaltingsområdet. Det kan hjelpe noko for beita i Romsdalen og i Fjord. Men det er også eit spørsmål om kvar jerven helst vil vere hen.

Det er omtala at jerv i Oppland er eit problem for saueeigarane i Romsdal. Etter standard ordning er det rovviltnemnda i Oppland som skal jobbe med den saken. Akkurat som det nasjonale overskotet som finst i Nord-Trøndelag er nordtrøndarane sitt ansvar.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal