Kvifor er det eigne reglar for krig? Det meiner eg er det same som at krig er tillate! No er det så mange måtar å finne løysingar på, at krig er ikkje lenger naudsynt. Ikkje er det nevneverdige språkvanskar heller, då det finst tolking og oversetjing for dei fleste språk. Å møtast er heller ikkje vanskeleg, med alle dei framkomstmiddel som finst i dag.

Eg nemnde ordet krigsherre. Ordet "herre" trur eg, utan å ha undersøkt, kjem av ordet "heroisk". Eg synest ikkje det finst noko heroisk i det å setje i gong ein krig. Det er tvertimot dumt og barnsleg! Små born øydelegg ofte for kvarandre i sandkassa, og tek det som høyrer andre til, om dei synes så. Det får dei skjenn for, og lærer etterkvart at slik skal det ikkje vere.

Personar som set i gang ein krig er vel såkalla vaksne, og burde vita betre. Dei oppfører seg som små born i vaksen kropp. Dei treng hjelp til å tenkje annleis, og tenkje meir på at dei er menneske, og så oppføre seg slik vi forventar av eit menneske.

I ein krig kan du drepe ein soldat. Men er ikkje ein soldat og eit menneske? Ein far, ein son/dotter, ein bror/syster, eit barnebarn, ein ektemake?

No må vi avskaffe krig! Heldigvis er det mange som demonstrerer mot krig i desse dagar.

Rett nok tener vi overlevande på at krigsmaskineriet er i gang, men det finst andre måtar å halde arbeidslivet i gang på. Enno er ikkje alle menneske mette. Ikkje har alle tak over hovudet heller. Kle må vi og ha, og mykje, mykje meir enn det for at dagane skal fungere. Kvifor skal vi drepe dyktige folk som kan gjere ein god samfunnsinnsats?

Kyrne vert fora med metanhemmande for. Dette for å minke CO2-utsleppa. Kva med krigane? Kven måler CO2-utsleppa der?

Bygningar vert øydelagde i hopetal! Eit hån mot menneska som har slite for å reise desse, og eit hån mot bruken av ressursane på jorda!

Alle foreldre er sjeleglade når deira nyfødde barn er velskapt. Kva no? Lemlesta menneske i hopetal på grunn av krigen.

Når skal vi alle bruke våre felles ressursar på å skaffe mat, hus og arbeid til alle? Bruke ressursane, både menneskelege og materielle, til forskning, vedlikehald og nyskaping, istadenfor å øydelegge og drepe? Vi har svært så gode høve til det no, om vi samlar oss om det. Så kan vi gle oss over kvarandre, hjelpe kvarandre, løyse problem i fellesskap, og gle oss over den vakre kloden vi bur på. Den lagar og problem, det vi kallar naturkatstrofar, så vi har nok å jobbe med og forske på, men gjer det saman i redelege former!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal