Den må endrast og verte  slik,  at den samsvarar med den gravferdskultur vi ønskjer å ha. Mange gravplassar har brotne rekker der gravsteinen er fjerna. Der berre sokkelen etter gravsteinen står att, eller også er fjerna, slik at berre eit ope hol står att der grava var. Dette kan vere farleg om ein går og uforvarande trør ned i eit slikt hol der det har stått ein gravstein.   Det er i dag kommunens økonomiske ansvar å sørge for gravplasser. Dette administreres driftsmessig gjennom fellesråda. Praktiseringa etter at det er gått 20 år, er noko ulik.

Nokre kommunar har ikkje teke bryet med å krevje inn festeavgift etter 20 år og der har gravminna fått stå i fred. Andre kommunar har brukt mykje tid og kostnad på å finne etterkomarar som er villig til å betale festeavgift vidare når dei 20 gratisåra er gått. I Hustadvika kommune var det ulik praksis ved samanslåinga. I Eide var det praktisert med innkreving av festeavgift, medan Fræna kommune så vidt eg veit ikkje hadde praktisert å krevje inn denne festeavgifta. Det er slik ulik praktisering som er med på å ta opp og få fjerna slik urettmessig praksis. Skatt på gravplass etter at vedkomande har vore død i meir enn 20 år er eit skatteobjekt som er høgst tvilsamt, etter mitt syn, er det eit område der regjeringa bør rydde opp i lovverket.

Lova gjev alle rett til 20 års gratis gravplass i den kommunen ein  bur. Etter den tid er det opp til det enkelte kommune og fellesråd om det skal kreves vidare festeavgift og det er her det uverdige startar, etter mitt syn. Dersom det ikkje er betalt vidare festeavgift på grava har fellesrådet  heimel til å fjerne gravminnet  og slette grava.

Vidare festeavgift må betalast av slekt eller andre om ikkje gravminnet skal verte sletta. Eg meiner at desse problema bør løysast på ein bedre måte enn det vert gjort i dag. Eg har med sjølvsyn leita etter gravminne til sambygdingar og funne gravsteier ståande ved namnesida vendt mot steinutgarden på veg til å verte fjerna. Slik mellomlagring bør ikkje praktiserast då den er lite minneverdig.

Eg har også lese avisartiklar om temaet illustrert med gravsteinar i haugevis som, er mellomlagra bak redskapsskur før dei vert fjerna frå gravplassen. Slik fjerning kan spare kommunen for kostnader og gje plass til nye framtidige gravplassar.

Regjeringa bør forlenge retten til gratis gravplass til meir enn 20 år. Det heiter, at om 100 år er allting gløymt. Eg meiner at vi som nasjon burde ha råd til å forlenge gratis gravplassordninga til 100 år. Då vil dagens problem vere løyst og gravplassane ikkje sjå ut som ubrotne rekkjer der dei som ikkje har etterkomarar som betaler, vert opne sår i gravrekkja. Då vil også arbeidet til fellesråda verte etter 100 år og enklare og ikkje minst spare dei store utgiftene som praktiseringa av dagens 20 årsregel kostar å administrere. Dei som ikkje vil forfedrane gløyme, bør med ein ny100-årsregel få høve til vidarefeste gravminne. I dag er det berre gravminne av kunstnerisk eller kulturhistorisk verdi som kan verte ståande i meir enn 20 år!

Kolbjørn Gaustad

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal