Inntektssystemet til kommunane og kommunestrukturen er det viktigaste verkemiddelet for at folk skal kunne bu og arbeide i heile landet. Til våren skal Regjeringa og Stortinget vedta eit nytt inntektssystem for kommunane. Det vil avgjere om Tingvoll og Sunndal og Kristiansund (t.d.) vil vere i stand til å ha nok sjukeheimsplassar, nok bemanning i heimetenesta, nok bemanning i skulen og barnehagen, eit godt barnevern, nok fastlegar, pengar til utviklingsarbeid, til vedlikehald av vegar, til å etablere nye arbeidsplassar. Likevel er det ikkje tema rundt kjøkkenbordet, nesten ikkje i kommunestyra og ikkje i media, og aldri ved eit stortingsval. Enda det er Stortinget som bestemmer handlingsrommet til kommunane og kommunepolitikarane. Molde kan tape 310 kr (2021) per innbyggjar, Rauma 921 kr/innb og Hustadvika 792 kr/innb., som døme.  Samtidig er det store skilnader, dei 20 kommunane med høgast inntekt får dobbelt så mange kroner per innbyggjar som gjennomsnittskommunen.

Nokon prøver å gjere inntektssystemet til ei fagleg, teknisk og veldig vanskeleg sak. Det gir makt. Men eigentleg er det ikkje vanskeleg. Målet er å utjamne økonomiske skilnader mellom kommunane slik at folk i heile landet kan få likeverdige tenester frå den kommunen dei bur i. Så skal kommunane også ha eit lokalpolitisk handlingsrom, både økonomisk og lovmessig, til å utvikle sitt lokalsamfunn. Sikre arbeidsplassar og busetting og ta vare på naturressursar for framtida. Det er difor ein over hundreårig samfunnskontrakt om at kommunar som stiller naturressursar til rådvelde for at heile nasjonen skal nyte godt av verdiskapinga, anten det er energiproduksjon eller anna, må få ein rettferdig del av denne verdiskapinga. Som kan brukast til at folk kan og vil arbeide og bu der ressursane faktisk er. Til dømes der dei har kraftproduksjon eller havbruk.

Dette likar ikkje alle, særleg ikkje Finansdepartementet, som vil ha alle inntektene inn til Staten og dele ut att frå Oslo. Resultatet er at distriktskommunane og kommunar med låge personinntekter og lite skatteinntekter frå innbyggjarane si inntekt og formue har tapt relativt mest ved kvar einaste omlegging av inntektssystemet til kommunane, medan kommunar med høgt folketal, høge personinntekter, store formuar og dermed høge skatteinntekter har fått auka overføringane frå staten prosentvis mest! Endringane har gått i retning sentralisering og større ulikskap. Eg meiner det delvis er fordi ein gjer systemet utilgjengeleg for folk som vil delta i debatten. Vi ser ikkje fakkeltog for endringar i inntektssystemet for kommunane. No må AP og SP i regjering og på Stortinget snu utviklinga og leve som dei lova i Hurdalsplattforma.

Tingvoll kommunestyre sendte ei fråsegn til saka frå møtet sitt i desember. No står kampen om å få gjennomslag i Stortinget. Og Tingvoll (og Sunndal) står ikkje åleine. Vi står saman med dei fleste kommunane, Fagforbundet og mange andre interessegrupper.

Dei viktigaste momenta er:

-          Skattedelen av inntektene utgjer i dag ca. 40%, denne bør reduserast til 30-35%. I tillegg bør skatteinntektene utjamnast meir enn i dag mellom kommunane. Tingvoll har t.d. berre 75% av gjennomsnittleg skatteinntekt i landet, medan det finst kommunar som har 150%. Mindre del frå skatt, større skatteutjamning og meir tildelt gjennom eit rammetilskott til kommunane, gir større likskap.

-          Inntekter frå vasskraft, vindkraft og kommunane sin del av havbruksfond og grunnrente på havbruk må kommunane få behalde.

-          Vi går sterkt imot eit forslaget om ein sterk reduksjon av kriteriet for psykisk utviklingshemma. Dette forslaget vil overføre store ressursar frå mindre kommunar til vekstkommunar og ta ressursar frå ei gruppe med store behov.

-          Grunnskuletilskottet er lite treffsikkert og strir mot lokalt sjølvstyre. 500 000 kr (indeksregulert) er ca. 0,5 lærarårsverk og er ikkje avgjerande for kor mange skular ein kommune som Tingvoll kan ha. Tilskottet bør heller leggjast til småkommunar eller distriktskommunar generelt.

-          Storbyane har spesielle utfordringar som naturlegvis må kompenserast gjennom storbytilskottet, men elles ser vi ikkje behov for spesielle ordningar for sentrum i samanslåtte kommunar eller andre finurlege ordningar.

-          Dei største og minst føreseielege kostnadene er knytt til innbyggjarar som treng ekstra mykje ressursar av ulike årsaker. Dette må kompenserast betre for at folk skal få eit verdig liv.

-          Samhandlingsreforma er framleis eit problem, 14 år etter innføringa! Det er mangel på kompetanse og kapasitet i kommunane og for dårleg samhandling med spesialisthelsetenesta. Med færre sengeplassar og sentralisering av lokalsjukehusfunksjonar blir presset på kommunane enda større. Det bør inn ei særskilt finansiering og organisering for å løyse dette.

-          Kommunane har fått større ansvar for klima, miljø og beredskap og bør sikrast ressursar til å ivareta desse oppgåvene på ein god måte. I Tingvoll ser vi at Senter for berekraftig arealforvaltning er ein god modell som kunne brukast i heile landet som støtte til kommunane.

Kristin Sørheim (SP)

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal