Det siste tilfellet var «dialogmøte» måndag 15. mai kl. 15 på «InnbyggerLaben – Innom» i Storgata 44 i forkant av møte hovudutvalet for helse og omsorg i formannskapssalen same dagen kl. 16. I rommet sat utvalsmedlemane fordelt på tre store bord saman med kvar sin einingsleiar frå administrasjonen for å ha «gruppearbeid».

Kvar gong andre kom inn frå gata og prøvde å finne seg plass, så var det ikkje plass til meir enn nokre få publikum. Vi var ikkje mange, og vi gjekk like godt fort. Det virka ikkje som «dialogmøtet» var meint for publikum. Vi fann heller vegen til sjølve utvalsmøtet i formannskapssalen – også meint å vere eit opent møte.

I debatten på utvalsmøtet kom det fram at det hadde vore eit «dialogmøte» med hovudutvalet også måndag 8. mai. Det var på Hotell Alexandra. Vi finn ikkje nokon av desse «dialogmøta» i kommunen sin møtekalender. Protokoll eller referat frå «dialogmøta» finn vi heller ikkje på kommunen sine nettsider.

Det kan vere vel og bra at kommunale møte skjer utafor den kommunale høgborga rådhuset. Men er det god skikk at delar av offentlege utvalsmøte blir halden på ein stad kor møta verken blir sendt på kommune-TV, dokumentert med opptak av lyd og bilde eller referert og protokollert?

Toppen av inntrykk då vi gjekk frå rådhuset etter at første sak var ferdig, var at inngangen til rådhuset er stengt etter vanleg kontortid. Er då kommunale utvalsmøte som blir halden fast etter kontortid reelt opne og offentlege møte, slik dei skal vere?

Korleis står det til med demokrati-rekneskapen i Molde kommune? Skal ikkje alle slags rekneskap vere berekraftige?

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal