Arbeid til alle har alltid vore – og er – ei av dei viktigaste kampsakene for Arbeiderpartiet. Vestnes Arbeiderparti ser difor med uro på tapet av arbeidsplassar ved at asylmottaket i Vestnes og Saint-Gobain Byggevarer, tidligare Weber Leca Vestnes vert lagt ned. Dette inneber at eit tjuetals arbeidsplassar vert borte, med dei negative ringverknadene det vil ha for lokalsamfunnet.

Sjølvsagt er det verst for dei arbeidstakarane som vert råka og misser arbeidsplassen sin, og dermed inntektsgrunnlaget. Spesielt for personar i etableringsfasen og for eldre arbeidstakarar skaper dette uvisse når ein ikkje lenger har jobben å gå til -  særleg i ei tid der arbeidsløysa er høg og mange står i kø for å kome inn på arbeidsmarknaden.

Men nedlegging av arbeidsplassar har også konsekvensar for så vel Vestnes kommune som næringslivet elles i kommunen. Dei tenestene som Vestnes kommune har bygt opp rundt asylmottaket, som har vore finansiert av statlege tilskott, må no byggjast ned. Det kan lett gå ut over tilbodet til innbyggjarane generelt, av di dei også har nytt godt av dei same tenestene. Det er også slik at arbeidsplassar knytt til ein institusjon eller ei bedrift gir positive ringverknader ut over det som vert utført av tenester/produsert, i form av skatteinntekter og kjøp av tenester.

Nedlegging av asylmottaket i Åslia kjem som ein forståeleg konsekvens av den sterke reduksjonen i talet på flyktningar som kjem til landet. Isolert sett kan dette sjåast på som positivt, men om ein ser på det store talet på menneske som framleis er på flukt rundt om i verda, ikkje minst i Midt-Austen, er det ingenting som tyder på at det ikkje finst behov no og i framtida for asylmottak – også i Noreg. Om flyktningstraumen til landet vårt no har gått ned, er ikkje det det same som at vi har hjelpt fleire til eit menneskeverdig liv!

Utfordringane lokalt her i Vestnes ved dei nedleggingane som no skjer, er det all grunn for politikarane i kommunen å vere merksam på. Når nasjonale oppgåver, som handtering av flyktningstraumen, vert løyst lokalt, må vi som lokalpolitikarar sjå til at sentrale mynde fører ein politikk som ikkje går ut over tenestetilbodet til innbyggjarane når oppgåva ikkje finst lengre!

Elles er det viktig at vi også lokalpolitisk er medvitne det ansvaret vi har for tilrettelegging for ny næringsutvikling, t.d. ved å setje av areal til næringsetablering, og tilrettelegging av infrastruktur elles som gjer det attraktivt å drive næringsverksemd i kommunen vår. Vi styrer sjølvsagt ikkje alle rammevilkåra, men gjennom politisk påverknad ovanfor sentrale mynde, kan også vi bidra positivt.

Øyvind Granberg, Vestnes Arbeiderparti

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook