Det er bra at fleire parti har kasta seg på i debatten om kva som skal skje med Storgata – i beste fall kan det bety at vi faktisk kan finne saman om gode løysingar etter valet! Molde har alle moglegheiter til å få eit endå trivelegare sentrum, men då må vi prioritere rett.

Å prioritere Storgata for gåande og syklande er å styre byutviklinga

Kva slag aktivitet vil vi støtte opp under – skal folk køyre frå Kvam til Moldegård, eller skal dei ta sykkelen? I dag er ruta lagt opp for bil. Ei omprioritering av bil-arealet i Storgata er eit godt høve til å gjere sykling meir attraktivt i byen vår.

Stadig fleire oppdagar at elsykkelen erstattar både “matpakkekøyreturen” og, med hengar eller som lastesykkel, også stasjonsvogna. For mange som bur frå Djupdalen i vest til Årø i aust bør sykkelen bli eit like sjølvsagt val i framtida som bilen er i dag.

Sykkelfelt i Storgata vil gjere det lettare å velje sykkel for fleire. Då blir det også betre plass på vegar og parkeringsplassar til dei som er avhengige av bilen for å kome seg rundt.

Plass til meir enn ein kanelbolle i sykkelveska?

Det er kanskje lett å tenkje at det blir mindre handel i sentrum dersom ein ikkje kan køyre gjennom heile Storgata. I mange byar som har testa bilfritt, har det derimot vist seg å vere ei ugrunna bekymring for nedgang i handelen – resultatet har blitt motsett.

HC-plassar er sjølvsagt viktig og må alltid prioriterast, sentrum skal vere tilgjengeleg for alle. Og som vanleg praksis er i gågater landet rundt, må varetransport vere tillate til visse tider.

Så snakkar vi jo om å stenge ein relativt kort del av Storgata i første omgang, og så evaluere dette. På strekket mellom Myrabakken og innkøyringa til trafikkterminalen er det ingen parkeringsplassar, så med ei slik avstenging er det gjennomgangstrafikken vi vil til livs, mens den lokale handelen heller får betre forhold enn før.

Vi vil jo gjerne leggje til rette for at meir av handelen skal skje i sentrum. Kva gjer ein, dersom ein skal handle meir enn kaffi og kanelbolle? Mange småbarnsforeldre har oppdaga sykkelvogn, og den eignar seg også for transport av varer, det same gjeld lastesykkel.

Ein del kan også gjerast med nytenking om parkering. Vi vil jo framleis ha parkeringsplassar ute i Storgata og i tunellen. I dag er det stort sett to timar ein kan stå i gata. Med hyppigare rotering – 20-30 minutt? – vil fleire kunne bruke desse plassane.

For å stimulere aktivitet og handel i sentrum, kan ein vurdere å gjere tunellen billigare eller tidvis gratis, og ein kan innføre parkeringsavgift på kjøpesentera (helst koordinert med konkurrerande handelssenter).

Kollektivtrafikken er ein del av løysinga, og det går an å sjå for seg skyttelbussar mellom sentrum og Roseby-området, eller mellom innfartsparkeringar og sentrum.

Gjennomgangstrafikken – vente på Møreaksen?

Kan vi vente på Møreaksen og den tilhøyrande tunellen som skal føre gjennomgangstrafikk under sentrum? Nei – dette er altfor defensivt. Møreaksen kjem kanskje aldri.

Og ikkje gløym at Julbøen - Bolsønes-utbygginga i seg sjølv er eit enormt prosjekt med tilhøyrande kostnader og naturinngrep. Kva skal til for at gjennomgangstrafikken kan bli handtert med rimelegare og meir berekraftige endringar på dagens vegnett?

Her kan det vere smart med ei stegvis utprøving av ulike tiltak. Kva skjer med trafikken i Øvre veg når torget blir stengt for bilar på ein kvardag? Bør bussen (frå 2025 utsleppsfrie bussar, som er betre for gatemiljøet) framleis kunne gå over torget?

Kanskje er belastninga på Øvre veg så stor per i dag at vi på kort sikt må akseptere einvegskøyrd Storgate (med sykkelfelt) og begrensning på bruk av tunge køyretøy gjennom sentrum?

Bypakken, innfartsvegen frå aust og finansiering av tiltak for sykkel/gonge

Når finansiering av samferdselstiltak blir tema i Molde, blir ofte bypakken frå 2020 trekt fram. Hovudtiltaket i denne var ein fleirfelts innfartsveg frå aust som ville innebere ei stor nedbygging av grøntareal og eit tjukt belte av asfalt mellom byen og sjøen.

Dei nye felta skulle vere kollektivfelt, men kva oppnår ein med å utvide vegen med kollektivfelt? Betre trafikkflyt for buss, ja, men også for bil, som igjen fører til meir trafikk i sum. Så får ein eit langt, langt mindre beløp til gonge og sykkel som eit plaster på såret.

Dette er sjølvsagt ei vanskeleg vurdering, for kvar ein lokalpolitikar som verdset lokalmiljø, ønskjer satsing på gonge/sykkel, og må halde seg innanfor stramme budsjett.

I 2020 var det ei brei gruppe på 32 politikarar frå MDG, SV, SP, Frp, Raudt og Høgre (!) som sørga for at vi unngjekk denne utbygginga. I dagens debatt har det kome dels ufine utspel knytt til dette vedtaket. Lokalpolitikarar vil det beste for byen sin – vi må ha respekt for at vi ser ulikt på kva avvegingar som er riktige.

MDG på Stortinget har fleire gonger løfta fram at langt fleire byar heller bør få byvekstavtaler, der den statlege finansieringa i staden skal gå til å satse på mjuke trafikantar.

Paradokset med vegutbygging og bompengar er at bompengane skal betale for vegen og finansiere gang/sykkel-tiltak, men også begrense bruken av den nye vegen, sidan trafikkvekst skal takast med kollektiv/gonge/sykkel. I påvente av endra nasjonal politikk - kan eit alternativ vere langt lågare bompengar for å begrense trafikken, redusere behovet for meir veg og finansiere dei mest effektive tiltaka?

Tverrpolitisk einigheit

Det er gledeleg å sjå at mange er einige i målet om redusert trafikk i sentrum! Men Storgata og torget er bokstaveleg talt heilt sentralt i byen vår, og vi kan ikkje setje den vidare byutviklinga i sentrum på pause i påvente av eit samferdselsprosjekt til 25-30 milliardar som kanskje aldri kjem. Det trengst høgt tempo i å prøve ut nye tiltak.

Viss du ønskjer eit endå betre Molde, med betre sykkeltilrettelegging og eit sentrum som er endå trivelegare å opphalde seg i – stem MDG i september.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal