Administrasjonane i både fylket og kommunane eser ut som ein ballong.

I Møre og Romsdal fylkeskommune tyt det opp rådgjevarar, spesialkonsulentar og byråkratiet blir større og større og Fylkeskommunedirektøren er «kongen på haugen»

Det same ser vi i kommunar etter kommunar medan dei same rådmennene i desse kommunane ser sitt snitt til å auke eiga makt ved å foreslå kutt i det folkevalgte systemet. Politikarane diltar etter rådmennene som lydige undersåtte, og skal være så himla ansvarlege og såleis kappar greina til demokratiet.

I fylkeskommunen kostar det folkevalgte systemet ca 25 mill kr, medan budsjettet til fylket på 5-6 milliard kr der ca 90 % et løn til administrasjon. Kvifor kutte smular når pengesluket i administrasjonane i realiteten blir freda?

I kommunane det same, det politiske systemet og demokratiet kostar så og seie berre promiller av det totale budsjett. Men, når det skal sparast så er det demokratiet som skal kuttast og såleis kan administrasjonane fortsette å leve i «sus og i dus».

Heilt greit å spare pengar også i folkevalgt organisering og jobbe både meir effektivt og smart, derimot er det påfallande å sjå iveren frå rådmennene til å verne seg sjølve. Kutt i byråkratiet og å kunne forenkle dette er viktig. Fylket og kommunane må starte der, og det er der dei store innsparingane ligg.

Dei argeste politikarane i fylket og i kommunane, er rådmennene og sine tilsette. Dei har haugevis av ressursar og politikarane blir totalt overkøyrde. Kuttar ein i det folkevalgte systemet blir det enda førre som kan matche rådmennene, og eg fryktar totalt udemokratisk rådmannsvelde i fylker og kommunar.

Eg veit kva eg snakkar om, og har i ei årrekke vore ein av få som til dømes har klart å utfordre ein knallsterk fylkesrådmann. Så vær på vakt, demokratiet er under press i økonomiske vanskelege tider, der rådmennene rundt omkring ser sitt snitt til å «takle» brysame politikarar ut over sidelinja.

Stå opp for demokratiet og det folkevalgte system, kutt i byråkrati og udemokratiske system.

Rådmannsvelde har vi jammen nok av !

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal