Og det er klart det er konflikt – vi er frå ulike parti med ulike prioriteringar og meiningar. Men for å få til noko bra for lokalsamfunnet – som eg trur alle som stiller opp i lokalpolitikken vil – så er det vi er aller mest avhengige av, samarbeid.

Eg er ordentleg spent på korleis neste periode i kommunestyret kjem til å bli. Det blir opp til oss som sit der å skape eit ope og godt klima der vi jobbar oss fram til gode løysingar i fellesskap. Og heldigvis er det veldig mange fine folk i lokalpolitikken i Molde! Eg har lyst til å trekkje fram éin politikar eg set pris på frå kvart av dei andre partia. Og det er ganske vrient å velje, faktisk, for det er mange fleire å ta av. Men her kjem eit utval:

Sp: Randi Gunnerød. Randi leitar etter kompromiss og gode fellesløysingar, har alltid eit lunt smil og ein fin replikk, og seier ting rett fram som dei er.

SV: Victor Starheim. Ein kulturbyggjar. Om det er ein ny vara til stades, kjem gjerne Victor bortom og helsar på. Han viser at han er glad for å sjå folk, at han set pris på andre representantar sine forslag og innlegg og innsats, og han held engasjerte og gode innlegg.

Frp: David Heggem. Ein skikkeleg lokalpatriot som det alltid er triveleg å slå av ein prat med, og som det går an å samarbeide godt med.

H: Kristine Gautvik. Kristine er alltid konstruktiv, så kunnskapsrik at ho utan problem tør å seie det om det er noko ho ikkje har kontroll på, og ho kjem med presise observasjonar og forslag.

R: Lars Hallvard Dahle. Her er det jo ikkje fleire å ta av i partiet, men då er det ekstra kjekt at Lars er ein bra fyr. Han er modig og frittalande i eit breidt spekter av saker, og kan prate med alle.

KrF: Inger Cecilie Frisvoll. Det er befriande med folk som er dønn ærlege frå talarstolen. Inger Cecilie kan eg vere ueinig med i ein sak, og samstundes kose meg med å høyre på når ho held innlegg. Her er det ikkje noko utanomsnakk, og ho skuggar ikkje unna i vanskelege saker.

Ap: Hege Karina Bøe. Ein engasjert feminist med stor sans for konstruktivt samarbeid, og med velformulerte og gode forslag og innlegg.

V: Kjell Johan Vatne. Då eg kom inn som fersk politikar og ikkje visste opp og ned på ein planprosess, tok Kjell Johan seg tid til å forklare. Han er kunnskapsrik og triveleg, og har alltid innlegg det er interessant å lytte til.

Takk til alle som jobbar for lokalsamfunnet med glød og sterke meiningar, og som samtidig bidrar til eit respektfullt klima der det er trygt og kjekt å delta. Eg ser fram til godt samarbeid i neste periode!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal