Men vi er jo alle menneske, og om alle hadde brukt det som ei unnskyldning hadde samfunnet aldri kome seg framover. Alle bryr seg om noko, men steget frå å bry seg til å engasjere seg verkar som om det er veldig langt for mange.

Alle burde å stille kritiske spørsmål til korleis ein forheld seg til problem og utfordringar i samfunnet. Er det noko eg kan gjere? Kva er min beste måte å utgjere ein forskjell på? Alle burde prøve å påverke på dei måtane ein kan.

Alle er interesserte i noko, uansett om det er smått eller stort. Frå interesse er det ikkje langt igjen til engasjement, berre ein tørr og orkar å ta det neste steget. Vi må ta aktiv del i samfunnet og verda vi er ein del av. Det er jo tross alt vi som skal leve her i framtida.

Det er ingen fasit på korleis ein skal leve livet, men ein god plass å starte er å gå etter det ein brenn for. Alle går rundt med ein lidenskap, ei meining, eit kall; det handlar berre om å oppdage dette og gå etter det, uansett om det er lite eller stort. Slik kan ein gjere ein forskjell. Derfor er det viktig å prøve mykje, feile mykje, og ikkje gi deg før du har funne noko som sett sjela i fyr og flamme. Fleire må tørre å engasjere seg, uansett kva du bryr seg om.

Det gjeld også oss unge. Vi må tørre og orke å engasjere oss, fordi vi har ei viktig rolle i samfunnsdebatten og i å forme samfunnet vi skal leve i. Vi sit inne med andre perspektiv på saker enn vaksne, og vi har kanskje andre interesser. Påverknadskrafta er i utgangspunktet enorm, berre ein tek tak i ho.

Eg er politisk aktiv. Det har vore skremande og utfordrande, men eg har fått utvikla meg utruleg mykje som person, og lært mykje og møtt folk eg aldri ville vore forutan. Dette fordi eg turte å setje interessa mi ut i livet og engasjere meg. Ein treng ikkje nødvendigvis engasjere seg politisk, men det er ein fantastisk måte å få påverke samfunnet på.

Vi er alle definert av handlingane våre, men vi er også definert av det vi ikkje gjer. Det er opp til deg å prøve å etterlate verda eit litt betre sted enn når du kom hit. Ditt engasjement kan ende opp med å bety mykje for mange.

Det er opp til deg å bruke tida di på noko nyttig og noko som er verdt det.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal