Absolutt alle har fått med seg at AP ikkje har kuttet ferjeprisane med 50%, og det er ikkje nødvendig egentlig for meg å krangle med Kjølmoen om dette. FrP og Høgreregjeringa satte ned ferjeprisane 25% frå 1/7-2021, dette kan du rett og slett ikkje forsøke å ta æra for min godeste Kjølmoen.

Vanlige folk og næringslivet forstår seg på ferjekostnadar, og sidan dagens regjering med SP og AP tok over hausten 2021, er ferjeprisane kutta omlag 25%. Det er bra det Kjølmoen, men eg trur innerst inne så forstår du sikkert meget godt kvifor folk flest her i fylket ikkje lenger trur på det du prediker.

«Per, du lyver» er ett uttrykk, og det er nødvendig å seie dette når vi ser kva Kjølmoen og AP i realiteten leverer av politikk i praksis. Aldri har landet eller Møre og Romsdal hatt ei verre regjering, skyhøge skattar og avgifter, formueskatt og grunnrenteskatt som rammar næringslivet knallhardt. Som om ikkje dette var nok er skyhøge drivstoffpriser no blitt enda høgare etter dagens statsbudsjett, der Kjølmoen og co aukar drivstoffprisane ytterlegare. Korleis dette skal vere godt for næringslivet og folk flest forstår ivertfall ingen.

Som sagt, det må kreativ bokføring til for å påstå at dagens regjering er godt for noko som helst her i fylket, men Kjølmoen trur ivertfall på dette. Det skulle skinne av kommunene berre SP og AP kom i regjering, fasiten er sveltefora kommuner og fylker, der påtroppende fylkesordførar bekreftar at Møre og Romsdal er den store taparen.

Den store taparen er Møre og Romsdal også i statsbudsjettet ang samferdsel, ikkje eit nytt større vegprosjekt er prioritert. Rammane til Nye Veier as ser heller ikkje særleg lystige ut med tanke på oppstart av nye prosjekt her i fylket. Ang firefeltsveg i sentrale Østlandet, det er ikkje berre der det er behov for firefelts trygg og sikker veg.

« Dødsvegen» E-39 Veibust- Blindheim- Moa med sine meir enn 22 000 bilar i døgnet og mange dødsulykker og alvorlige ulykker, har du Per Vidar Kjølmoen og AP stemt imot når eg fremma framlegg i Stortinget om dette no tidligare i år. Du og AP vil ikkje ha trygge, sikre og gode vegar, det viser statsbudsjett også for vårt fylke, der det er «støvesugd» for slike prosjekt frå dagens regjering.

Nei, Per Vidar Kjølmoen, velgarane har talt i valget no i haust, og AP og SP blir geleida ut av fylkeshuset og kommunane, vel fortjent på same viser som i regjeringa.Om to år vil vi i FrP og Høgre geleide Vedum og Støre ut av regjeringskontora, burde egentlig skjedd umiddelbart før dokke klarer å øydelegge meir av næringslivet og folk flest sin økonomi.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal