Dagens politiske fleirtal («posisjonen») bygger ned sjukeheimane, utan å ha noko alternativ på plass. Brukarar med langtidsplass vert buande ved korttidsavdelingar. Der vert det fullt, og heimebuande, med behov for avlastingsplass ved ei korttidsavdeling, må berre vente. Ferdig utskrivne pasientar må og vente, og opptek plass ved sjukehusa. Samstundes står det fleire og fleire unytta rom ved sjukeheimane.

FHI skriv på si heimeside: «Målet for et korttidsopphold eller et avlastningsopphold i korttidsavdelinger er at pasienten skal hjem etter oppholdet». Det vert difor misbruk av korttidstilbod når ein fyller opp plassane med pasientar med langtidsvedtak. Dei skal jo til ein sjukeheim. SV vil ha slutt på ein slik ukultur.

Dei pårørande er ein uvurderleg stor ressurs i samfunnet vårt. For å ta vare på dei, må avlastningstilboda vere tilgjengelege ved behov. Utslitne pårørande må verte sett og høyrt.

Kvar skal vi kutte? Molde SV meiner kommunen må kutte mellom dei friske før ein går laus på tilboda for barna og dei sjuke. Med dette som rettesnor vil Molde SV vere med å finne gode løysingar for fellesskapet.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal