Det vil føre til fleire bilar som slepp ut meir klimagass, i tillegg til at dei som bur på strekninga må flytte når det ikkje går nokon buss lenger og dei ikkje kan køyre sjølv.

Oppskrifta frå Miljødirektoratet er å køyre færre bilar kortare og saktare. Det vil seie å gjere det meir attraktivt å bruke kollektive løysingar.

Mange av ferjene langs kysten gjer både 10 og 20 turar på ein dag. Langs stamvegen mellom Sunndal og Oppdal går «ferja» fire gongar for dag. Det er elles viktigare at bussen, både togbussen og andre, køyrer, enn at prisen på kollektivtrafikk er spesielt rimeleg.

Vil Bærekraftfylket bli med og sjå framover på gode løysingar for folk og klode, eller sitt dei fast i fortida?

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal