Regjeringa har skulda for den høge straumprisen, difor vert noko av utfordringa å bøte på dette skadeverket.  I Nationen 11, januar, får tidlegare olje og energiminister Eivind Reiten  gjere greie for si  regjerings liberalisering av kraftmarknaden, då han var energiminister i 1991. Då det vart vedteke ei ny energilov.  Han meiner i intervjuet at  dette har fungert godt i 30 år, men fryktar no at det liberaliserte straummarknaden  har overlevd seg sjølv og ikkje er noko for framtida.

Berre ei ny energilov kan løyse straumkaoset både på kort og lang sikt. Støreregjeringa driv brannslokking og set ned kommisjonar, etter eit straumkaos der Ap. saman med Høgre har vore tunga på vektskåla for Acer- medlemskap, utanlandskablar og EØS medlemskap. Reiten si energilov har fungert godt i 30 år, men no har verknaden av marknadskreftene gjort staten til den store syndebukken og er i ferd med å kvele både vår privatøkonomi og vårt næringsliv.

Ein kan difor registrere at når vi kjøper tilbake straum må vi betale den prisen som gjeld i det landet den kjem frå. Dette er marknadsøkonomi på sitt verste, etter velkjent Blårussteori, der private og næringsliv må betale leiken.  EØS avtala vår og tilhøyrande EU direktiv, bind oss på hender og føter og gjer det vanskeleg å drive vår eigen energipolitikk for vasskrafta vår. EØS avtala kostar meir enn den smakar. Difor er ikkje Acer og EØS avtalen noko vi kan basere framtida vår på, om vi ønskjer å bestemme vår eigen straumpris innanlands i Norge.

Det er urimeleg at  styringa over straumprisen vert gjort utanfor våre landegrenser og utan nasjonal styring over det som vert kalla arvesølvet vårt, energien frå fossefalla. Dette har diverre også høgsterett  også slått fast når det gjeld EØS og Acer. Difor må vi snarast ut av slike meiningslause avtalar. Målet for norsk straumpris må ta utgangspunkt i at det kostar i underkant av 12 øre å produsere ein kwt. Straumprisen burde også som prinsipp vere lik over heile landet, uansett kvar ein bur.

Vegen til rett straumpris er ikkje vanskeleg om ein har politisk vilje og gangsyn. Det første ein må gjere er å vedta ei ny revidert energilov som erstattar fri marknadsflyt, men har dei avgrensingar som trengs for vår nasjonale prisfastsetting. Lova må endrast slik at det i framtida ikkje vert høve til å kappast om marginale straumprisar på landsbasis. Då vert det ikkje lenger nødvendig med alle desse selskapa som underbyr kvarandre og der ein aldri veit kven som lurer kven.

Næringslivsstraumen vårt største konkurransefortrinn.  Difor må det vere ei målsetting for regjeringa, at vårt næringsliv beheld sitt nasjonale fortrinn med rimeleg straumpris. Den kan om regjeringa turer fram slik som til no, føre til ei katastrofe for norsk næringsliv.

Energilova  At ein sjølv skal kunne finne og kjøpe billegaste hushaldingsstraum over heile landet er eit nytt lite overtenkt ”blårussprinsipp”. Ei ny app-oppfinning gjer det mogeleg å sjå kva tid på døgnet straumen er billegast. Ein slik praksis er uhaldbar. Ein kan ikkje ha ein pristariff, som gjer at ein må snu døgnet og akseptere eit system, som gjer at ein må stå opp midt på natta for å få gjort husarbeid som krev straumbruk. Vi straumbrukarar vert påtvinga eit system som vi ikkje ønskjer og som vi heller ikkje kan kontrollere.

Ei ny næring med meir og mindre telefonterror gjer at vi vert plaga av dei mange nye salsfirma som konkurrerer om straumkundane, frå smarte seljarar, som freistar med ørsmå marginar og er  meir og mindre seriøse. Eg har fleire gonger falle for freistinga frå gode tilbod, men no har eg fått nok og let meg ikkje freist fleire gonger.

Eg stiller meg no bak kravet om at vi som står bak  regeringa krev at den tek sitt regjeringsansvar, ikkje gøymer seg, men tek regjeringsansvar også før 70 øre. Det held ikkje å skulde på at vi er prisfanga av EU bindingar, som står over norsk lov. Då er det regeringa sitt soleklåre ansvar å fjerne desse hindringane og bli herre i eige hus.

Ei straumrekning Den nye energilova bør pålegge straumleverandørane å kalkulere sin eigen straumpris der både straumforbruket og linjeleiga er inkludert. Det er ikkje kundane som treng eller krev dagens  splitt. Straumkjøpet må mest naturleg gjerast der ein høyrer til med linjenettet. Kundane er heller ikkje tent med ei prising på straum som gjer at ein må stå opp midt på natta for å vaske klede og ta oppvasken. Vi må få ein straumpris som er lik for heile landet og der ein har same prisen døgnet rundt. Noko anna er ei meiningslaust, ei skam og er ubrukeleg i våre dagar!

Treng revisjon Energilova treng ein snarleg revisjon og eg har i dette innlegget peika på nokre av dei økonomiske børene som regjeringa har lagt på privat straumforbruk og på næringslivet. Energilova skaper inntekter for staten både på innpust og utpust og marknadsgildet er det hushaldningane og lokalt næringsliv, utan fastavtale, som må svi for. Dette angår «folk flest» og skulle slik vere eit av dei prioriterte satsingsområde  for den nye regjeringa?

Regjeringa sin veg vidare må ta sikte på å ha ein straumpris nasjonen kan leve med og av. Etter mitt syn gjer ein det best med å seie opp sitt medlemskap både i Acer og EØS, som begge kostar meir enn dei smakar og som i tillegg set våre eigne lover ut av kraft. Når Engeland klarte å kome seg ut av eit fast medlemskap i EU må vi klare å kome oss ut av ei handelsavtale, som kostar meir enn den smakar!

Kolbjørn Gaustad.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal