Først og fremst: Takk til deg som har gjort ein innsats for oss alle i den forrige valperioden. Eg er sikker på at du har gjort så godt du kan. Kanskje har du av og til måtta stemt mot di overbevisning, pga at det er ein forpliktelse å legge fram budsjett i balanse. Eg forstår  godt dei om stiller for ei periode, for så å takke for seg. Med dei mengder av sakspapir som følgjer saker som skal handsamast politisk i våre dagar, så må det vere omtrent umogleg for folk i vanleg arbeid å greie å setje seg inn i det ein skal vere med å vedta.

Og ikkje minst:  takk også  til deg som har stilt deg disponibel til å stå på for fellesskapet  i den valperioden vi no går inn i. Når dagen i dag  er over, veit vi resultatet av kven som skal styre i kommune og fylke dei neste fire åra. Det er spanande, både for den vanlege borgar, og for den som har stilt seg disponibel.

Om det er i kommune- eller fylkespolitikken du er innvald, så er det eit tidkrevande og omfattande arbeid du har teke på deg. Engasjement og vilje til å endre samfunnet i ei god retning er heilt sikkert grunnen for at akkurat du stiller. Og så er det slik at det er mange vegar til Rom, og det er mange parti med ulike meiningar. Også i perioden vi går inn i blir det nok mange vanskelege avgjerder som må takast, og forhandlingar som må gjerast mellom partia.

Mi bøn til deg som er folkevald er: Sjå heilskapleg på alt. Sjølv om eg etter eit langt yrkesliv i helsevesenet sjølvsagt har eit varmt hjarte for helsevesenet og eldreomsorga spesielt,  så er det likevel slik at resultata av korleis barndommen er, lever ein med heile livet. Førebygging på alle plan er derfor viktig, kanskje det viktigaste. Ikkje berre at vi har gode barnehagar og skular, men også at vi har trygge skulevegar og gode fritidsaktivitetar for barn og unge, der alle kan ha høve til å delta og kjenne på meistring.

Og så vil eg be om at de som no er nye folkevalde høyrer på fagfolka. La meg ta eit eksempel: I mange år  har det vore sagt: Alle skal bu heime så lenge som mogleg (og så kan ein spørje om det kanskje heller skulle vore sagt: Så lenge det er forsvarleg) Men i alle fall, lytt til slike folk som t.d. Håvard Heggdal. Han har sagt det gong på gong i fleire tiår: Sjukeheimane er eit medisinsk tilbod som MÅ ha nok plassar, for at folk skal kunne bo lenge heime. Det må vere plassar for rehabilitering, avlastning og behandling av ulike slag. Likevel har det vore lagt ned sjukeheimsplassar i kommunane. Og resultatet blir det som blir kalla overliggarar på sjukehusa. Og overliggarar, kva er det? På godt  norsk: Enkeltmenneske som blir liggande i månadsvis på sjukehus. Det er uverdig, og ikkje minst respektlaust overfor den enkelte. Tenk å leve livet sitt i månader i ei sjukeseng med eit nattbord og eit smalt skap der du har dine viktigaste eigedele, og kanskje kjem det stadig inn nye pasientar i den/dei andre senganer. Det går også utover kapasiteten til å ta inn andre pasientar.

Eg ber  om at de høyrer på dei som arbeider på golvet,  om det er i barnehage, skole, helsevesenet eller andre stadar.  Auk bemanninga der ein arbeider med folk, og prøv å endre på rutiner som gjer at byråkratiet kan reduserast. Dette må gjerast, slik at ein slepp å produsere sakspapir på 766 sider til eitt møte. Jfr. siste møte i Utval for teknisk, miljø og næring i Hustadvika kommune. Slike saksmengder må det vere bortimot umogleg å sette seg inn i som folkevald, og det går sjølvsagt  med  mykje tid for saksbehandlarane.

Eg  takkar  for at vi bur i eit demokratisk land der vi heiser flagget på valdagen og får vere med å bestemme i det viktigaste av alt. Kvardagane våre, og liva våre.

TAKK

Hustadvika/Molde 11. september 2023

Gunhild Rolandsen

Pensjonert sjukepleiar, no gravferdskonsulent

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal