Av statsforvaltar Else-May Norderhus og klimakoordinator Anne Melbø

Vi har knappheit på ressursar. Det konkluderer Klimautvalet 2050 i sin rapport. Situasjonen er alvorleg. Lageret er snart tomt. Vi må ta varselet på alvor, og samstundes gripe moglegheita det gir.

Bli ein forskjell!

Kvar enkelt av oss kan gjere ein forskjell ved å bruke det vi allereie har. Vi kan reparere, og sjå nytta av gammalt som er godt nok.

Bedrifter må lage produkt med betre kvalitet og lenger levetid. Produkt som kan bli reparerte og gjenvunne.

For å snu utviklinga, må vi leve berekraftig. Som Klimautvalet Ung skriv i sin rapport: «Framtida bør prioriteres likt eller høyere enn nåtidas behov».

Denne svarte veka kan bli grøn!

Denne veka vert kalla «Black Week». Tilboda strøymer på. Vi vert lokka til å kjøpe nye ting. Ting vi kanskje ikkje treng, men som er kjekt å ha. Dette er eit paradoks. For; vi hadde hatt bruk for meir enn tre jordklodar om alle folk på jorda skulle ha levd som vi gjer i Noreg no. Der forskarane tidlegare gav sterke tilrådingar, slår dei no full alarm. Likevel fortsett mange akkurat som før, med det same forbruket og dei same utsleppa. På 50 år har bestandane av ville dyr blitt redusert med 69 prosent. 75 prosent av alle økosystem på land er endra som følge av menneskeleg aktivitet.

Vi må tenke smartare. Få på plass nye forbruksmønster. Vi må dele meir, eige ting saman med andre, resirkulere og bruke på nytt. Dele- og sirkulærøkonomien er ei føresetnad for ei berekraftig utvikling.

Snuoperasjonen

Bruk «Black Week» til å utfordre deg sjølv. Kjøp berre det du treng. Tenk på korleis du kan redusere forbruket ditt. Vurdere om du kan kjøpe brukt, leige, låne eller dele med andre.

Kjøper du nytt, så gå for produkt som har god kvalitet og lang varigheit. Les informasjonen på produkta og sjå om dei er produsert på ein berekraftig måte som tar natur og menneske i vare.

Det same kan du gjere når du handlar mat. Unngå å kaste mat. Kjøp kortreist mat og støtt lokale bønder. Dyrk gjerne mat i eige hus og hage. Det er med på å bygge matsikkerheita di også.

Gjer du dette, bidrar du til ei betre jord kor det er godt for både natur, dyr og menneske.

Skal vi få til klimasnu, må vi ta grep no!

Vi er første generasjon som ser problemet i kvitauge og siste generasjon som kan gjere dei nødvendige grepa for å snu utviklinga. Start denne veka!

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal