Aukra KrF ønskjer å støtte opp om dei verksemdene som er i kommunen slik at arbeidsplassane kan tryggjast og nye komme til. Næring og arbeidsplassar er viktig for velferd og livskvalitet. Når vi skal utvikle lokalsamfunnet vårt må vi evne å ivareta både eldre og yngre generasjonar, slik at alle opplever kvalitet og attraktivitet. Aukra KrF vil derfor fortsette å jobbe for eit livskraftig lokalsamfunn. Aukra KrF ser det og som svært viktig å arbeide for god rekruttering og bidra til kompetanseheving.

Strategisk næringsplan er styringsdokumentet vårt

Eit svært viktig dokument for vidare næringsutvikling i Aukra kommune er Strategisk næringsplan som blei vedtatt i Aukra kommunestyre 2.febraur 2022. For oss i KrF vil det vere svært viktig at denne plana blir fulgt opp på ein god og offensiv måte. Plana er utarbeid i samarbeid med næringslivet og med utgangspunkt i næringslivet sine behov og utfordringar. Realiseringa av plana vil derfor vere heilt avhengig av eit godt samarbeid mellom kommunen, Aukra Næringsforum og aktuelle aktørar i næringslivet.

Etablering av storskala hydrogenfabrikk

Ein av ambisjonane i næringsplana er å bringe energi til verden. Prosjektet som ligg nært opp til denne ambisjonen er å få etablert ein storskala hydrogenfabrikk på Gossen og ved Energiknutepunkt Nyhamna. Det er selskapene Aker Horizons, Cape Omega og Shell som står bak prosjektet og ein forventar at det blir tatt ein investeringsbeslutning i 2026. Prosjektet forutset CO2 lagring og legging av hydrogenrør til Tyskland. Utfrå dagens geopolitiske situasjonen med krigen i Ukraina og energibehovet i Europa er nok dette eit prosjekt som er meir aktuelt enn nokon gong før. I samband med årets rundebordskonferanse «Energiknutepunkt Nyhamna» sa mellom anna den tyske ambassadøren i Norge at dette ikkje lenger er ein distansert visjon, men noko som no er på veg til å bli realisert. KrF jobbar saman med dei andre politiske partia i Aukra for at dette industriprosjektet skal bli realisert. Prosjektet vil i tillegg til viktig energitilførsel til Europa gje oppdrag til ulike næringsaktørar og dermed skape mange nye arbeidsplassar til Aukra og Molderegionen.

Auka satsing på turisme og reiseliv

Aukra KrF ønskjer og vil arbeide for auka satsing på turisme og reiseliv. På kommunestyremøte i oktober 2022 fremma vi ein interpellasjon med fokus på turisme og reiseliv. Bakgrunnen for denne interpellasjonen var at ordføraren på kommunestyremøte 8.sept. og formannskapsmøte 3.okt. orienterte om at Aukra kommune saman med Den Norske Turistforening (DNT) hadde hatt ei befaring av ein eigedom som var til sals på Gossen. Dette potensielle kjøpet vart det ikkje noko av. Ordføraren sa i si orientering at DNT ønskjer ein eigedom nær sjø der det er muleg å leggje tilrette for sjønære aktivitetar. På formannskapsmøte 3.okt. orienterte og ordføraren om at han hadde hatt eit møte med Stephen Meinich-Bache frå Classic Norway. For å sjå om det er muleg å etablere eit hotell på Gossen. I eit reiselivs- og turismeperspektiv hadde det vore svært positivt og strategisk viktig å få etablert både ein lokasjon for DNT og eit sjønært hotell i Aukra kommune. For KrF er det viktig at ein følgjer opp og er tett på aktørar som er interesserte i å etablere seg i kommunen vår. Vi trur og at etablering av ei sjønær turisthytte i regi av DNT og eit sjønært hotell hadde vore positivt for kommuen si vidare satsing på turisme og reiseliv. I samband med denne interpellasjoen la KrF fram følgjande forslag :» Aukra kommune set ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Aukra Næringsforum, formannskapet og frå administrasjonen. Gruppa skal ha som hovedfokus å følgje opp ønskje om å få etablert ei sjønær turishytte i regi av DNT og å få etablert eit sjønært hotell i Aukra kommune. Gruppa må ha fokus på kva arealplana seier om slike etableringar, målsettingar i samfunnsplanen og kva som kan vere Aukra kommune sitt bidrag i realiseringa av desse prosjekta.»

Andre viktige prosjekt og satsingsområde

I tillegg til etablering av ein storskala hydrogenfabrik og auka satsing på turisme og reiseliv vil KrF i komande periode jobbe for og ha fokus på følgjande prosjekt: Arbeide for å å utvikle Nærbøvågen i samarbeid med Molde og Romsdal Havn til å bli eit meir attraktrivt område for lokale fiskarar, nye interessentar og skape moglegheiter for allereie etablerte bedrifter. Vi er og opptatt av å gje gründerar gode vilkår for å starte eiga verksemd i samarbeid med t.d. Aukra Næringsforum.

Vi ønsker også å jobbe for at Aukra kommune i samarbeid med andre aktuelle aktørar arrangerer vår eigen næringskonferanse. Vi ønskjer ein konferanse med fokus på næringsutvikling, ungdom, rekruttering og bli – og bulyst i kommunen vår. Å satse på næringslivet og næringslivsutvikling er å jobbe for å stadig bli ein meir attraktiv kommune. Aukra KrF ønskjer derfor å føre ein næringspolitikk som bidreg til fleire arbeidsplassar, innovasjon og nyskapning.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal