Melvin Steinsvoll også frå AP, får holde seg for god til personangrep og andre beskyldninger når ein faktisk ikkje har sett seg inn i saka. Eg frykta og konkluderte med at Nye Veier as ikkje på nokon måte hadde muligheit til å gjennomføre oppstart av E-136 i 2023, og at ramma deira ikkje kunne strekke til utan nye løyvingar. Dette bekrefter no Samferdselsministeren og her ligger svaret som også Melvin Steinsvoll kan lese dersom han ynskjer litt kompetanse ikring saka.

Sitat: «Svar på skrifteleg spørsmål nr. 498 frå stortingsrepresentant Frank Edvard Sve til samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Spørsmål: «Kan samferdselsministeren bekrefte at Nye Veier as, startar opp med bygging og gjennomføring av prosjekt langs E-136 i Møre og Romsdal i 2023?» Svar: Eg viser til brev om endra føresetnader frå Prop. 1 S (2022-2023) for Samferdselsdepartementet datert 29. november. Ny informasjon om pris- og kostnadsutvikling i Nye Veier AS’ portefølje medfører at selskapet sin likviditet for 2023 vil vere bunde opp i prosjekt der selskapet har inngått bindande kontraktar. Ved Stortingets behandling av Prop. 1 S for 2022 blei Samferdselsdepartementet gitt fullmakt til å forplikte staten for ei ramme på 23,6 mrd. 2022-kroner, med ei ramme for årleg forfall på 5,9 mrd. kroner. Denne ramma blir berekna av selskapet no å vere fullt utnytta for perioden 2023– 2026. Det betyr at Nye Veier AS, slik det ser ut no, sannsynlegvis ikkje kan starte vesentlege, nye anleggsarbeidar som er omtalt med mogleg oppstart, deriblant E136 i Møre og Romsdal, i 2023. Med helsing Jon-Ivar Nygård, Postadresse: Postboks 8010 Dep 0030 Oslo»

Så, Melvin Steinsvoll som i sin iver etter å ta meg som person, neste gong må du forsøk å sette deg litt betre inn i saker og ting, før du forsøker å drive slikt politisk lavmål. Ellers høyrer det til realitetane at etter dette svaret frå Samferdselsministeren har SP, og AP i forhandlinga med SV kutta nye 900 mill kr i ramma til Nye Veier as, som på mange måtar torpederer det meste.

Geir Inge Lien frå SP og Per Vidar Kjølmoen AP, stod på E-136 konferanse for nokre mnd sidan i Ålesund og lova høgt og tydelig at E-136 skulle prioriterast, makan til løftebrudd har vi sjeldan sett, og dette viser kvifor SP er kome godt under sperregrensa og AP godt under 20%.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal