Forslaget vi fekk framlagt, har som formål å sikre gamle Retiroparken, men samtidig leggje til rette for bustadbygging i delar av parken. Ein vil også gje moglegheit for næring ved Villa Retiro, og oppdatere plansituasjonen for blant anna idrettsanlegget på Lubbenes. Men vent litt – sikre parken, men også seie ja til bustadbygging? Vi i MDG meiner dette blir heilt feil.

MDG føreslo derfor at det skulle utarbeidast eit planforslag der heile Retiroskogen blir skjerma for utbygging, men det fekk berre vår og SV si stemme.

Heldigvis blir det moglegheit til å få til endringar også seinare i prosessen. No skal reguleringsforslaget ut på høyring, og då er det viktig at alle som er interessert i denne saka, kastar seg over tastaturet. Det er mykje lettare å få til noko dersom ein har mange, tydelege høyringssvar å vise til.

Då forslaget for Retiro blei behandla, kom barn og unges representant med eit par gode innspel: For det første er statleg sikring av friluftsområdet ein moglegheit vi bør vurdere. Det vil kunne gje pengar til å ruste opp parken utover det kommunen har råd til. For det andre er det slik at utifrå barn og unge sine interesser, er det krav om erstatningsareal – for det skal faktisk ikkje byggjast på rekreasjonsområde for barn og unge.

Miljøorganisasjonen Sabima har nyleg lagd oversikten naturkampen.no, der dei viser i detalj korleis det står til med naturen og naturpolitikken i kvar enkelt kommune. Som dei skriv: Øydelagt natur er ein konsekvens av politiske val. For ni av ti trua artar, er det arealendringar som er den største trusselen. Kommunestyra i Molde dei siste åra har ikkje prioritert natur. Molde ligg heilt nede på plass nummer 337 (av 356 kommunar). Blant anna er det mykje skog og mykje myr som er regulert til nedbygging av bl.a. hytter og bustader, og det er dårleg med grep for å ivareta natur framover.

Bustader i Retiroskogen er fullstendig feil bruk av areal. Det er det største grøntområdet i byen, og det må vi slå ring om. Vi kan ikkje la oss fange av eit sal av areal med tilhøyrande avtale nesten tjue år tilbake. I planforslaget er det rekna opp negative konsekvensar for friluftsliv, folkehelse, kulturmiljø, kulturminne, barn og unges interesser, natur- og artsmangfald, og eit stort tal på innbyggjarar som ønskjer å bevare heile området utan nedbygging. Det er jo noko gale med måten vi driv samfunnsplanleggjing på, når alt kan skubbast til sides på grunn av private økonomiske interesser. Og: Etter ekstremvêret i sommar har det blitt endå tydelegare at vi er avhengige av å ta vare på naturen rundt oss for å tilpasse oss eit nytt og meir ekstremt klima.

Stem for nærnaturen vår – stem MDG

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal