Ein del av dette prosjektet er E39 Ålesund – Molde. Denne strekninga er igjen delt inn i 5 delstrekningar der Vik -Julbøen, Møreaksen, er det mest «gryteklare» prosjektet. Her er både byggjeplanlegging, arkeologi og kvalitetssikring av prosjektet (KS2) gjennomført. Kampen står no i Oslo. Prosjektet må sikrast gjennom Nasjonal Transportplan (NTP) i 2024 og ikkje minst gjennom midlar frå statsbudsjettet for 2025.

Arbeidet med Møreaksen har røter tilbake til 1987 då selskapet Haram – Midsund – Aukra vart stifta. Kven tenkte den gongen at det skulle ta over 30 år å få realisert dette viktige samferdselsprosjektet? Prosessen frå ide til verkelegheit har tatt tid. Vi står no på oppløpssida. Det som starta som ein visjonær ide nærmar seg no ein ny og framtidsretta verkelegheit for heile Møre og Romsdal fylke.

Møreaksen vil bygge fylket vårt saman. Møreaksen vil føre til ein felles bu -og arbeidsmarknad. Dette vil ikkje minst medføra auka attraktivitet og dermed større sjansar for at både ungdommar frå fylket og personar med viktig kompetanse finn det interessant å flytta til regionen vår. Vi bur i det mest vakre naturområdet i verda. Det er eit sterkt konkurransefortrinn, men i seg sjølv ikkje nok til å få tilflytting.

Møreaksen vil gi 10 000 fleire personar ei reisetid på maksimalt 45 min til enten Molde eller Ålesund. Ein ferjefri veg vil bety ei stor endring – ein "game changer" for utvikling av regionen.  At ein kan reisa når ein vil og når ein treng det, heile døgnet, vil i tillegg medføra at fleire enn før finn det attraktivt å bruke vegen. At Knut kan bu i Molde eller på Aukra og jobbe i Ålesund er avgjerande for auka attraktivitet og auka tilflytting. Det same gjeld for Kari i Ålesund, ho må og på ein effektiv måte kunne jobbe i Molde eller i Hustadvika.

E39 Ålesund – Molde vil styrkje næringslivet i regionen. NHO Møre og Romsdal peikar på vegar som styrker eksportbedriftene mellom dei store byane er det viktigaste innspelet vi no kan ha til Nasjonal Transportplan. I 2021 signerte over 100 bedrifter med 23 000 arbeidsplassar og 100 MRD i omsetning under på eit krav om bygging av Møreaksen. Fleire har fokusert på nytteverdien av Møreaksen. Ein av desse er analysebyrået Menon Economics som har anslått nytteverdien på mellom 17 og 37 Mrd. Heile 42% av denne nytteverdien vil skje i andre fylke. Dette viser betydninga av prosjektet nasjonalt. Dette er ei god prioritering også for AS Noreg. Sentrale styremakter må no få med seg at Møre og Romsdal står for 20% av verdiskapinga i sjømat, 11% av fastlandseksporten og 5% av innbyggjarane, men berre 1% av samferdselsmidla. Tida for å «stå i kø» og vente på nødvendige samferdselsmidlar må no vere over.

Ein aktiv næringspolitikk er avhengig av ein aktiv samferdselspolitikk. Dette betyr mellom anna at utviklinga av transportsystemet no må prioriterast i områda der verdiane blir skapte. Regjeringa si distriktsmelding seier at samferdselspolitikken er heilt «avgjerande for busetjing og arbeidsplassar i heile landet» og at «gode transporttilhøve derfor er viktig for utviklinga i og mellom regionar». Dessverre så vert arbeidsplassar og verdiskaping langs kysten hemma av ein altfor dårleg og lite effektiv infrastruktur.

Kjerringsundet heng nøye saman med realiseringa av Møreaksen. Utan Møreaksen blir det heller ikkje bygging av Kjerringsundet. Også dette vegprosjektet er «gryteklart» og tungt politisk forankra i både kommunestyre, fylkesting og Storting. Kjerringssundet vil gi auka trafikkgrunnlag til Møreaksen og ikkje minst gi folket i Aukra kommune, Otrøya og Midøya fastlandssamband med alt dette har av positive verknader for både næringsliv og folket som bur på desse tre øyene.

Fylkesveg 662 må bli riksveg. På bakgrunn av den ekstraordinære tryggingspolitiske situasjonen i Europa med Russlands brutale krigføring i Ukraina har Aukra kommunestyre og Møre og Romsdal fylkesting gjort viktige vedtak for å få omklassifisert fylkesveg 662 frå Molde til Nyhamna til riksveg. Dette handlar om å ivareta og sikra Nyhamna og den store eksporten anlegget har av gass til Europa. Det er på bakgrunn av dette at Vegvesenet har spurt om fylkeskommunen skal kunna påleggjast kostnader til sikring og utbetring utover nasjonale behov. Dette eit klart nasjonalt ansvar.

Frå ramaskrik til jubelbrøl. I samband med at Statens vegvesen arrangerte ein studietur med alle romsdalskommunane, Romsdal regionråd, Sunnmøre regionråd og selskapa Møreaksen og Hafast på Sunnmøre for å besøke Ryfast prosjektet i mai 2021 skreiv Romsdals Budstikke følgjande: «Studietur til «Møreaksen tvilling»: - Tunnelprosjekt frå ramaskrik til jubelbrøl.» Møreaksen har utvilsamt møtt ein del motstand. Eit utrøytteleg arbeid, eit sterkt engasjement og stort tolmod har likevel resultert i at vi no er på oppløpssida av dette viktige samferdselsprosjektet. Eg er sikker på at vi berre vil høyra jubelbrøla når prosjektet står ferdig i 2035.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal