Coop held fram med å sage av den greina dei sit på. Prisane i markedsbutikkane er så høge at ein priser seg ut av marknaden og slik står att som taparen uten konkuransekraft. Sist veke fortalte lokalradioen om to markedsbutikkar på Sunnmøre, som vert lagt ned fordi dei ikkje lenger er økonomisk drivverdige. Det er bygdene som har skapt samvirkebutikkane og det er slik eit svik mot prinsippet i  organisasjonen når bygdebutikkane vert svikta og lagt ned av dagens COOP leiing.

Eg har med jamne millomrom dei siste 10-12 åra åtvara Coop mot å drive ein slik prispolitikk på sine varer, der dei heilt bevisst driv med så høge prisar at kundane forsvinn og butikkane til markedssegmentet sit at som suppleringsbutikkar, utan konkuransekraft på veg mot konkursstupet slik radioen fortale om på Sunnmøre.

Sanninga er at det i markedsbutikkane er mykje høgare pris enn i dei andre Coop-butikkane og hos konkurentane. Kundane let seg ikkje lure heile tida og når Coop ikkje respekterer åtvaringane vert kundane arge på COOP og handlar der prisane er rimelegast. Coop kan ikkje halde fram med alle prisnivåa dei har i dag og tru at dette ikkje vert gjennomskua og får sine konskvensar. Dei regiondirektørar med millionløner, som ikkje skjønar dette bør finne seg noko anna å gjere før dei øydelegg heilt den solidaritetstanken, som er grunnlaget for NKL, som no er omdøpt til COOP.

Vegen vidare er at COOP må innføre same prisar for varene i alle sine butikkar. Det dei driv i dag er i praksis, at dei ikkje behandlar alle sine kundar likt og slik forretningsdrift er dømt til å verte taparen over tid. Eg både veit og trur at om prisen var den same i  ein markeds- som ein Extra-butikk ville omsetninga ha dobla seg fleire gonger i markedssegment.

Bygda eg bur i Vevang har endt opp med ein slik livstruga butikk. Regionleiinga sit på sin høge hest og styrer etter mitt syn bevisst mot nedlegging der drifta ikkje lenger vert rekningssvarande. Transportkostnader er eit omgrep som ikkje held mål då dei same bilane kan forsyne alle segmenta. For å vere heilt ærleg finn eg ingen saklege grunnar som gjer at COOP snarast råd må følje dei god og velmeinte råda eg i 12 år har prøvd å skape forståing for. All sunn fornuft tilseier at det mest fornuftige er å ha eins prisa i alle COOP butikkar. Då er ein solidarisk og behandlar alle kundane likt. Tenk berre på kva ein kan spare i marknadskostnader med å distribuere 5 forskjellige prisnivå berre med trykking og distribusjon av  5 forskjellige kundeblad.

Kolbjørn Gaustad

Kunde Vevang Marked

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal