Det er avgjerande viktig for ein kommune å lykkast i arbeidet med å skape bli- og bulyst. Greier vi dette vil det merkast i kommunen i form av innbyggjarar som trivst og at kommunen får eit godt omdømme. Dette er og grunnleggjande viktig i alt rekrutteringsarbeid og det å få nye innbyggjarar til å flytte til kommunen.

«Aukra full av energi»

Slagordet til Aukra kommune er «Aukra – full av energi». Eit slagord som har ein klar referanse til ilandføringa av gass på Aukra og Nyhamna. Slagordet reflekterer aktive og skapande innbyggjarar, eit aktivt næringsliv og ein kommune som ønsker å vere ein pådrivar i samfunnsutviklinga. Aukra kommune sin visuelle profil er forma som ein stor A. Denne A-en står for Aukra og skal vere eit symbol på den grøne øya og dei flotte fjella på fastlandet. Profilen skal utstråle skaparvilje og skapartru. Den visuelle profilen skal vere forankra i Aukra kommune sine verdiar: Attraktiv, Uredd, Kvalitet, Raus og Arbeidsglede. For Aukra KrF er det svært viktig at vi både strekker oss for å nå visjonen og har eit tydeleg fokus på at verdiane til kommunen kvar dag må omsetjast i praksis.

Aukra kulturhus ein suksess – frivillighet skaper engasjement og fellesskap.

I løpet av dei 10 siste åra har vi mellom anna fått bygd nye barnehagar, nytt omsorgssenter, nye skolar og ikkje minst ei storstove i Aukra kulturhus. Aukra kulturhus har blitt ein suksess i form av å bli ein felles møtestad for folket i kommunen. Nesten alle arrangement ved kulturhuset går for fulle hus og kvar laurdag har ulike lag og foreiningar ansvar for å drifte laurdagskafeen. Alt dette gir utvilsamt både bli -og bulyst. Det frivllige arbeidet er avgjerande for trivsel, engasjement, fellesskap, samarbeid og inkludering i Aukra kommune. Vi har gode tradisjonar for eit rikt og variert frivillig arbeid. Dette både innan song -og musikk, idrett og andre frivillige lag og organisasjonar. Eit bredt frivillig arbeid vil omfavne både ulike interesser og mangfoldet i ein kommune. Det frivillige engasjementet gir seg ikkje sjølv. Ein må heile tida jobbe med å rekruttere fleire inn i det arbeidet. Rammevilkåra er og avgjerande. Når kostnadane i samfunnet går opp må det og merkast i at den økonomiske støtta til alt frivillig arbeid blir auka i takt med kostnadsutviklinga. For oss i KrF vil det derfor vere avgjerande å jobbe for å sikre gode økonomiske støtte til all frivillig arbeid i kommunen vår.

Rekrutteringsplan med fokus på ungdom

Bli- og bulyst kjem ikkje av seg sjølv. Vi kan ikkje vedta bli- og bulyst. Det må skapast kvar dag. Det må vedlikehaldast og det må vidareutviklast. I samband med arbeidet med Rekrutteringsplana for Aukra kommune 2020 – 2025» fekk KrF fleirtall for mellom anna følgjande punkt; Arrangere årleg samling for ungdom som går på vidaregåande skole og som studerer på høgskole/universitet med fokus på framtidig jobb og etablering i Aukra kommune. Sp fekk og inn ei god formulering om at dette må skje i samarbeid med næringsliv, lag og organisasjonar og stimulere ungdom til å arbeide og busette seg i Aukra kommune. Rekrutteringsplana har eit tydeleg fokus på korleis vi skal jobbe med rekruttering. I denne samanhengen er mellom anna stimuleringstiltak for å rekruttere, tiltak for å behalde medarbeidarar og heiltidskultur viktig. KrF vil ha eit tydeleg fokus på at rekrutteringsplana blir fulgt opp på ein god og offensiv måte.

Næringskonferanse og årleg treff for ungdom

I kommande kommunestyreperiode ønskjer KrF å arbeide for at vi i Aukra kommune skal arrangere vår eigen næringskonferanse med fokus på næringsutvikling, ungdom, rekruttering og bli -og bulyst. Det blir i dag arrangert mange flotte og viktige næringskonferansar i Molderegionen. Vi ønskjer å supplere dette med vår eigen konferanse. Eit viktig fokus på denne konferansen kan vere å sjå nærare på kva utsikter ungdomen har i kommunen vår. Dette både innan kommunal og privat sektor. Ved å arrangere ein slik konferanse vil vi også vere med å underbygge slagordet «Aukra full av energi» og at vi ønskjer å vere ein attraktiv kommune med aktive, skapanende og framoverlente innbyggjarar. Vi vil og arbeide for eit årleg treff for ungdom med informasjon om ledige stillingar og framtidig jobb i Aukra kommune.

«Aukrapakka» – eit tiltak for meir bli- og bolyst

Fleire kommunar har iverksatt gode tiltak for både å behalde folk og å rekruttere nye folk til kommunen. Ein av desse er Ål kommune. Dei har etablert ei ordning med tilskot til 1.gongsetablerarar som ønskjer å bygge eller kjøpe bustad i Ål kommune. Tilskotet per bustad er på 300.000 kr med 6 års bindingstid. Ål kommune har satt av 20 mil kr i budsjettet for 2023 til dette. Andre norske kommunar har tilsvarande ordningar med stor suksess. KrF ønskjer å jobbe for det vi kallar «Aukrapakka». Vi tenker oss at denne pakka kan innehalde både tilskot til å kjøpe eller bygge hus, redusert pris på tomt og gratis barnehage for barn nr 3. Vi ønskjer å få til ein god debatt og forhåpentlegvis fleirtal for ei slik pakke for Aukra kommune. Vi trur fleire parti vil kunne vere med og støtte dette tiltaket, og ikkje minst trur vi at det vil slå positivt ut for både bli -og bulyst i kommunen vår.

Auka satsing på idretten

I følge ein rapport frå Distriktssenteret kor ungdom under 30 år ble spurt om kor dei ønska å bu og kva motivasjon dei har for å bu i distriktet , var mellom anna følgjande verdiar viktige for å bu i distriktet; lett tilgang til natur, bu i enebolig, leve med lite press om å lykkes på alle kantar og det å kunne gje (fremtidige) barn eit godt oppvekstmiljø. Eg meiner at Aukra kan levere på alle desse verdiane. Eit godt oppvekstmiljø handlar mellom anna om barnehage, skule og gode og varierte fritidsaktivtetar. På kommunestyremøte 11. mai orienterte representantar frå Aukra Idrettsråd og ein representant frå Møre og Romsdal Idrettskrets om status for idretten i Aukra kommune. Konklusjonen var at idretten i Aukra kommune har følgjande tre utfordringar; Låg deltaking og få medlemskap i idrett, liten bredde i idrettstilbudet og lite investering i utvikling av idrettsanlegg (få spelemidlar). Aukra idrettsråd var tydeleg på at at det er tid for å handle no. Ein må prioritere idretten, bevilge penger, utvikle anlegg og skape aktivitet. Idrett og andre kulturtilbod er viktig for bli -og bulyst. For KrF blir det derfor viktig å jobbe for større økonomisk støtte til idretten i Aukra kommune. I tillegg så ønskjer vi å få satt på dagsorden bygging av ny fleirbrukshall. Vi har tru på at vi ved eit godt politisk samarbeid kan få til dette.

Fastlandssamband må på plass

Den kanskje aller viktigaste saka med omsyn til bli- og bulyst er å få på plass fastlandssamband. Vi må no jobbbe for ei utvida økonomisk ramme for NTP’en som blir lagt fram i 2024, slik at vi rask kan komme igang med bygging av Møreaksen og dermed også Kjerringsundet. Dette vil byggje fylket vårt saman og skape ein sterkt bo- og arbeidsmaknad. Med Møreaksen og Kjerringsundet på plass vil det gjere Aukra kommune, dei andre Romsdalskommunane og fylket vårt endå meir attraktivt å bu og arbeide i.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal